Gå direkte til innhold
 

Forskingsrådets si rolle

Noregs forskingsråd skal vere eit nasjonalt utøvande forskingsstrategisk organ. Forskingsrådet har ansvar for å auke kunnskapsgrunnlaget og bidra til å dekke samfunnets behov for forsking ved å fremje grunnleggjande og anvend forsking og innovasjon.

Forskingsrådet skal tilføre forskingssystemet meirverdi gjennom å realisere forsking som aktørane i forskingssystemet kvar for seg ikkje kan få fram.

Forskingsrådet skaper møteplassar og dialog mellom forskarar, brukarar av forsking og aktørar som finansierer forsking.

Rådet skal også identifisere overordna forskingsbehov og foreslå prioriteringar.

Forskingsrådet skal bidra til eit heilskapleg FoU-system som leverer forsking av høg kvalitet, utviklar kunnskap for å møte sentrale utfordringar i samfunn og næringsliv, bidreg til dynamikk og samhandling nasjonalt og internasjonalt og legg til rette for læring, bruk og innovasjon.

Forskingsrådet har ansvar for alle fag- og disiplinområde og alle tema- og samfunnsområde, frå grunnleggjande forsking til forskingsbasert innovasjon og kommersialisering.

Forskingsmidlane som blir fordelte via konkurransearenaene til Forskingsrådet, kan gå til alle kvalifiserte forskingsmiljø, bedrifter og offentlege verksemder. Aksjonsområdet er både regionalt, nasjonalt og internasjonalt.

Forskingsrådet vil styrkje den internasjonale posisjonen for norsk forsking gjennom å vere ein endringsagent i samarbeid med aktørane i forskingssystemet. Forskingsrådet arbeider for meir internasjonalt samarbeid og større deltaking i EUs forskings- og innovasjonsprogram.

Forskingsrådet skal medverke til at forsking blir akseptert som ei kulturell og verdiskapande kraft i utviklinga av samfunnet.

Publisert:
14.08.2007
Sist oppdatert:
03.11.2017