Gå direkte til innhold
 

Forskingsrådets prisar

Forskingsrådet deler årleg ut prisar til forskarar innanfor to kategoriar: formidling og innovasjon. Kjenner du ein forskar som har utmerkt seg med særs god kommunikasjon om resultat frå eige fagfelt eller som har utnytta forskingsresultat og skapt forskingsbasert innovasjon med Forskingsrådets verkemidlar? Send oss forslaga dine!

Forskingsrådets formidlingspris

Forskningsrådets innovasjonspris

Prisane for unge framifrå forskarar er avvikla frå og med 2019.

Forskingsrådets formidlingspris
 

Forskingsrådets formidlingspris blir gitt til ein forskar som har utmerkt seg med levande og nyskapande kommunikasjon av høg kvalitet frå eige fagfelt. Alle typar formidling i alle typar medium, og både langvarig innsats og enkeltståande tiltak, kan premierast. Det blir lagt vekt på den evna kandidaten har til å vere kreativ og nyskapande. Formidlinga skal vere allmennretta.

Vi kan gi prisen for aktivitetar knytte både til forsking som er i gang og til forsking som er avslutta. Prisen er på 500 000 kroner.

Slik kan du nominere kandidatar

Ønskjer du å nominere ein eller fleire kandidatar, må du bruke denne malen DOCX - 16 KB . Vedtektene finn du til høgre.

Juryen for Forskingsrådets formidlingspris

  • Kommunikasjonssjef Anne Steenstrup-Duch, SINTEF Energi
  • Avdelingsdirektør Thomas Evensen, Forskningsrådet
  • Førsteamanuensis Jørn Hurum, Naturhistorisk museum/Universitetet i Oslo
  • Kommunikasjonsleder Monica Sandnesmo, Uni Research, Bergen
  • Spesialrådgiver Anne Riiser, Forskningsrådet

Forskingsrådets innovasjonspris
 

Forskingsrådets innovasjonspris blir gitt til ei verksemd som har utmerkt seg med eksepsjonelt god utnytting av forskingsresultat, og på den måten skapt forskingsbasert innovasjon. Verksemda må ha nytta seg av eitt eller fleire av Forskingsrådets verkemidlar.

Prisen er på 500 000 kroner og kan delast ut til både offentlege og private verksemder. Pengane skal brukast i verksemda sine innovasjonsaktivitetar.

Slik kan du nominere kandidatar

Forslag kan komme frå både enkeltpersonar og institusjonar. Vedtektene finn du til høgre.

Juryen for Forskningsrådets innovasjonspris

  • Hilde Tonne, juryleiar
  • Geir Førre
  • Eimund Nygaard
  • Kirsti Hjemdal
  • Pinar Heggernes
  • Jan Magnus Aronsen
  • John-Arne Røttingen
Publisert:
28.02.2018
Sist oppdatert:
30.01.2019