Forskningsrådets nettsider benytter seg av informasjonskapsler for å forbedre din opplevelse av nettstedet.
Ved å lukke denne meldingen, samtykker du i vårt bruk av informasjonskapsler. Personvernerklæringen finner du her.
Lukk påminnelse
Gå direkte til innhold
 

Avdeling for forskingsinfrastruktur

Avdelingsdirektør: Asbjørn Mo

Forskingsrådet skal finansiere nasjonal infrastruktur for forsking. I dette ligg avansert vitskapleg utstyr, storskala forskingsfasilitetar, elektronisk infrastruktur og vitskaplege databasar og samlingar. Nasjonal satsing på forskingsinfrastruktur er det viktigaste økonomiske verkemiddelet.

Avdelinga oppdaterer og utviklar Norsk vegkart for forskingsinfrastruktur: I tillegg vidareutviklar og koordinerer avdelinga Forskingsrådets rolle innanfor nasjonalt og internasjonalt samarbeid om forskingsinfrastruktur. Viktige verkemiddel her er særskilte grunnforskingsprogram som gjer det mogleg å sikre ei god utnytting av norske medlemskap innanfor storskala internasjonal infrastruktur.

Avdelinga har ansvar for Senter for framifrå forsking (SFF). SFF har som mål å heve kvaliteten på norsk forsking og skal stimulere til langsiktig, grunnleggjande forsking på høgt internasjonalt nivå.

Publisert:
06.10.2004
Sist oppdatert:
26.10.2015