Gå direkte til innhold
 

Avdeling for fornyelse og innovasjon i offentleg sektor

Avdelingsdirektør: Ane Marte Rasmussen

Avdelinga har eit strategisk ansvar for å fremme forskingsbasert innovasjon i offentleg sektor og spelar ei nøkkelrolle i oppfølginga av Regjeringas langtidsplan for forsking og høgre utdanning (2015–2024) og Forskingsrådets hovudstrategi Forsking for innovasjon og berekraft når det gjeld fornying i offentleg sektor.

Avdelinga skal bidra til at offentleg sektor i større grad tek initiativ til og brukar forsking i fornyingsarbeidet sitt, og oppgåvene er knytte til mobilisering og rettleiing av offentlege verksemder, utvikling av nye støtteformer som møter behova i offentleg sektor i tillegg til arbeid med kunnskapsgrunnlag og rådgiving.

Avdelinga samarbeider med andre tematiske satsingar i Forskingsrådet på område som utdanning, helse og IKT og vektlegg det internasjonale arbeidet med innovasjon i offentleg sektor i OECD,  EU og Horisont 2020.

Avdelinga har ansvaret for ordninga med offentleg sektor-ph.d. og utviklar ei ny satsing for forsking og innovasjon i kommunesektoren – FORKOMMUNE.

Publisert:
20.09.2016
Sist oppdatert:
30.10.2017