Gå direkte til innhold
 

Avdeling for energi

Avdelingsdirektør: Rune Volla

Avdeling for energi har ansvar for forsking, innovasjon og demonstrasjon innanfor energisektoren. Det vil seie heile breidda i energiforskinga frå utvikling av miljøvennlege energiløysingar til energieffektivisering, inkludert CO2-fangst og -lagring og miljøvennleg transport.

Sentralt mål er å medverke til effektiv utnytting av norske energiressursar og til auka verdiskaping i norsk næringsliv. Avdelinga skal medverke til eit godt kunnskapsgrunnlag for politikkutvikling og kunnskap om verkemiddelbruk og marknadsforhold i Noreg og internasjonalt.

Avdelinga har eit utstrekt samarbeid med styresmaktene, næringslivet og nasjonale/internasjonale forskingsmiljø. Avdelinga har ansvar for ENERGIX (Stort program energi) og forskingsprogrammet CLIMIT (Kraftproduksjon med CO2-handtering). Vidare ligg oppfølgingsansvaret for Forskingssentra for miljøvennleg energi (FME) i avdelinga. Det nasjonale strategiorganet Energi21 er også knytt til avdelinga.

Vil du vite meir?:

Publisert:
31.10.2008
Sist oppdatert:
28.10.2015