Forskningsrådets nettsider benytter seg av informasjonskapsler for å forbedre din opplevelse av nettstedet.
Ved å lukke denne meldingen, samtykker du i vårt bruk av informasjonskapsler. Personvernerklæringen finner du her.
Lukk påminnelse
Gå direkte til innhold
 

Avdeling for dokumentasjon

Arkivleiar: Patric Emilsson 

Avdeling for dokumentasjon tek hand om dokumentasjonstenester i Forskingsrådet, og har ansvaret for bibliotek- og arkivtenester med vekt på elektronisk lagring og gjenfinning av dokument.

Biblioteket skal tilfredsstille og utvikle Forskingsrådets behov for bibliotekfaglege tenester, ved å finne fram til og gjere informasjon i trykt og elektronisk form tilgjengeleg. Biblioteket skal også rettleie dei tilsette om informasjonsinnhenting, publisering og innhaldsadministrasjon.

Arkivtenesta skal sørgje for at Forskingsrådet har ei velfungerande dokumenthandtering, og at journalføringsplikta blir følgt når det kjem til lover, forskrifter og interne retningslinjer. Arkivets medarbeidarar skal gi rettleiing og opplæring til Forskingsrådets tilsette i arkivrutinar, bestemmingar innanfor lovverket, bruk av saksbehandlingsverktøy, m.m.

Publisert:
08.05.2008
Sist oppdatert:
07.07.2017