Gå direkte til innhold
 

Viktige omgrep

Her finn du forklart nokre sentrale omgrep vi bruker i søknadsprosessen.

Administrativt ansvarleg: Den personen som har fullmakt til å representere og forplikte prosjektansvarleg overfor Forskingsrådet.

Aktiv samarbeidspartnar: Konsortiedeltakar som ikkje er prosjektansvarleg og som har teke på seg ansvar overfor prosjektansvarleg for å hjelpe til med ressursar til å gjennomføre prosjektet.

Andre samarbeidspartnarar: Personar og institusjonar som tek fagleg del i prosjektet utan å forplikte seg som konsortiedeltakar. Deira rolle går fram av prosjektskildringa.

Avtaledokument: Det dokumentet som partane signerer og som inneheld avtala presiseringar og reguleringar for prosjektet.

Faktiske kostnader: Direkte og indirekte kostnader.

Finansieringsplan: Den økonomiske planen for gjennomføring av heile prosjektet som er avtala mellom partane. Omfattar både direkte og indirekte bidrag av typen pengar, infrastruktur og eigeninnsats.

Force majeure: Upåreknelege og særlege omstende som gjer det umogleg å oppfylle pliktene sine.

Forskingsutførande stad: Stad/eining der prosjektet blir gjennomført i regi av den prosjektansvarlege.

FoU: Forsking og utvikling.

Framdriftsplan: Tidsplanen for gjennomføring av hovudaktivitetar/milepålar i prosjektet.

Generelle kontraktsvilkår: Det dokumentet som inneheld gjeldande generelle kontraktsvilkår.


Hovudmål og delmål: Skildring av kva for resultat som ein ventar å oppnå i prosjektperioden.

Immaterielle rettar: Opphavsrettar, patent, mønster, bruksmønster, varemerke, så langt slike rettar har vern etter norsk lovgjeving som registrerte rettar eller utan registrering.

Konsortieavtale: Avtale som regulerer arbeidsform og interne rettar og plikter i konsortium.

Konsortiedeltakar: Prosjektansvarleg og aktive samarbeidspartnarar som i samsvar med konsortieavtale tek del i prosjektet. Konsortiedeltakarane er identifiserte i artikkel 4 i Avtaledokumentet.

Konsortiet: Prosjektansvarleg samt aktive samarbeidspartnarar.

Kontrakt: Avtaledokument, prosjektskildring og generelle kontraktsvilkår utgjer til saman kontrakten.

Kontraktspartar: Dei som er nemnde som kontraktspartar i avtaledokumentet (Forskingsrådet og prosjektansvarleg).

Kostnadsplan: Plan for fordeling av faktiske kostnader over prosjektperioden.

Løyving: Bindande lovnad om betaling frå Forskingsrådet.

Milepåle: Tidspunktet for kva tid hovudmåla/delmåla i prosjektet, særlege aktivitetar eller hendingar skal vere nådde ut frå framdriftsplanen.

Prosjekt: Den samla aktiviteten som er omfatta av søknaden / Den samla aktiviteten som etter avtaleinngåinga er omfatta av kontrakten.

Prosjektansvarleg: Den verksemda, institusjonen eller bedrifta som overfor Forskingsrådet er ansvarleg for at prosjektet blir gjennomført i samsvar med kontrakt. I særtilfelle kan prosjektansvarleg vere ein person.

Prosjektleiar: Den personen som på vegner av prosjektansvarleg skal syte for den faglege framdrifta og gjennomføringa av prosjektet.

Prosjektperioden: Den perioden som prosjektet blir utført i.

Prosjektresultat: Alle resultat som er skapte eller oppnådde i samband med prosjektet, medrekna immaterielle rettar, uavhengig av om resultata er verna av lovgjevinga.

Prosjektskildring: Fagleg og administrativ plan for gjennomføring av prosjektet.

Søknad: Framlegg frå prosjektansvarleg til prosjekt.

Tilsegn: Planlagd løyving.

Publisert:
19.12.2005
Sist oppdatert:
24.08.2007