Gå direkte til innhold
 

Vedtekter for prisane for unge framifrå forskarar

  1. Forskingsrådets prisar for unge framifrå forskarar blir tildelte innanfor følgjande fagområde:

    • humaniora og samfunnsvitskap
    • medisin, helsefag og biologi
    • matematikk, naturvitskap og teknologi

    Prisane skal lønne høg kvalitet, sjølvstende og fagleg nyskaping tidleg i karriera. Dei skal stimulere unge forskarar til vidare innsats. Prisane skal vere ei inspirasjonskjelde som viser at det blir satsa på dei unge.
  2. Prisane blir gitt til personar som har vist stort potensiale for å lykkast som sjølvstendige forskarar og som har markert seg med særskilde talent som forskarar.
  3. Prisane er opne for unge forskarar innanfor alle fag og disiplinar, også for tverrfagleg forsking. Prisane blir gitt på grunnlag av dokumenterte resultat.
  4. Prisvinnarane må vere yngre enn 38 år når prisane blir delte ut. Ved berekning av alder, trekkjer ein frå tid for lovbestemte permisjonar, verneplikt eller samanhengande, fulltids sjukefråvere i meir enn åtte veker. Permisjonar, fråvere og liknande må ha funne stad etter fylte 18 år.
  5. Prisvinnarane må vere, og ha vore, tilsett ved ein norsk forskingsinstitusjon dei siste to åra.
  6. Kvar pris består av ein sum på 500 000 kroner. Ein føreset at summen blir nytta til forsking eller vidare kvalifisering i forsking.
  7. Prisane blir utlyste offentleg. Det er ikkje høve til å fremje sitt eige kandidatur. Medlemmar i Hovudstyret i Noregs forskingsråd kan normalt ikkje bli foreslått som kandidatar til prisen. Det skal leverast ei fyldig grunngiving for kvar kandidat og CV. Grunngivinga må ta utgangspunkt i kriteria i punkt 1-3 i vedtektene. 
  8. Oversynet over nominerte priskandidatar er unnateke det offentlege.
  9. Prisvinnarane blir valde ut av ein jury som er oppnemnd av Hovudstyret i Noregs forskingsråd for ein periode på tre år. Dersom juryen finn at ingen av dei nominerte kandidatane oppfyller kriteria, kan juryen velje å ikkje tildele éin eller fleire prisar det året.
Publisert:
11.02.2016
Sist oppdatert:
03.07.2017