Forskningsrådets nettsider benytter seg av informasjonskapsler for å forbedre din opplevelse av nettstedet.
Ved å lukke denne meldingen, samtykker du i vårt bruk av informasjonskapsler. Personvernerklæringen finner du her.
Lukk påminnelse
Gå direkte til innhold
 

Vedtekter for formidlingsprisen

  1. Formålet med Forskingsrådets formidlingspris er å lønne og stimulere til formidling av eigen forsking overfor eit breitt publikum. Formidlinga må vere av høg kvalitet både i form og innhald.
  2. Prisen kan også tildelast for arbeid knytt til etiske problemstillingar innanfor forsking.
  3. Prisen er på 500 000 kroner. 
  4. Ein føreset at summen blir nytta til eigenkvalifisering i formidling eller til formidlingstiltak. Prisen blir normalt gitt til éin mottakar, men ein kan også gi han til fleire som har samarbeidd om eit felles formidlingstiltak. 
  5. Prisen blir utlyst offentleg. Forslag på kandidatar til prisen skal innehalde ei fyldig grunngiving. Det er ikkje høve til å fremje sitt eige kandidatur til prisen. 
  6. Innsende forslag til kandidatar blir vurderte av ein jury som til saman representerer formidlingskompetanse og innsikt i forsking. Juryen blir oppnemnd av Hovudstyret for ein periode på tre år. Jurymedlemmene kan også fremje forslag til kandidatar dersom juryen samla kjem fram til at det er behov for det.
Publisert:
04.09.2003