Gå direkte til innhold
 

Slik kjem du til Forskingsrådet

Forskingsrådet held til i Drammensveien 288 på Sollerudstranda ved Lysakerelva. Med bil tek du av ved Lysaker. Kjem du med tog eller buss, går du av på Lysaker stasjon. Følg skilting til Sollerudstranda.

Forskingsrådet har hovudkontor i Drammensveien 288, den lange bygninga langs E18, på Sollerudstranda ved Lysaker. Foto: KLP
Besøksadresse er Drammensveien 288 på Lysaker [vis i kart]. Bygninga er sentralt plassert mellom Sollerudstranda og E18.

Du kan reise til Lysaker med tog, Flytoget eller buss. Togreisa frå Oslo S tek ni minutt. Det går sju tog kvar time i begge retningar. Flytoget har tre avgangar kvar time.

Frå Lysaker stasjon er det fem minutts gange til Drammensveien 288.

Føretrekker du å sykle, er Lysaker lett tilgjengeleg via gode sykkelvegar.
 

Kjem du med tog til Lysaker, tek det fem minutt å gå til Forskingsrådet. Gå ut av stasjonsbygninga på den sida der busshaldeplassane er, og gå rakt fram, nedover mot elva. Ta vegen til høgre under E18 og over vegen. Ta deretter til venstre vidare austover over brua, på høgresida av E18.

Forskingsrådet deler bygninga med andre organisasjonar og selskap. Vi har resepsjon rett innanfor hovudinngangen. Der får du registrert deg som besøkande, og du kan få hjelp til å få kontakt med den du skal møte eller til å finne det møterommet du skal til.

Velkommen!

Inngangen vender ut mot Drammensveien. Resepsjonen finn du rett innanfor til venstre. (Foto: Lena Rossevik)

Publisert:
08.01.2014
Sist oppdatert:
03.06.2016