Forskningsrådets nettsider benytter seg av informasjonskapsler for å forbedre din opplevelse av nettstedet.
Ved å lukke denne meldingen, samtykker du i vårt bruk av informasjonskapsler. Personvernerklæringen finner du her.
Lukk påminnelse
Gå direkte til innhold
 

Serviceerklæring

Serviceerklæringa fortel kva slags service du kan forvente av Forskingsrådet.

Vi ønskjer at serviceerklæringa skal bidra til at Forskingsrådet kan utvikle og betre sine tenester. Synspunkt på servicen eller serviceerklæringa kan du gi ved å ringe oss, sende oss en epost eller fylle inn skjemaet til høgre på denne sida og sende det til oss på: post@forskningsradet.no.
 

Forskingsrådet skal:

  • Gi deg god tilgang på relevant informasjon
  • Svare på dine førespurnader innan avtalte fristar
  • Vere open om arbeidsmåtane våre
  • Ha oversiktlege og forsvarlege søknads- og avgjerdsprosessar
  • Vere ein profesjonell samarbeidspartnar



Vi skal gi deg god tilgang på relevant informasjon

Forskingsrådet skal sørgje for at oppdatert og god informasjon om saker som høyrer inn under hovudoppgåvene våre, er lett tilgjengeleg.

Vi skal svare på førespurnadene dine innan avtalte fristar

Du skal bli godt motteken når du tek kontakt med Forskingsrådet. Du skal raskt få kontakt med personar som har nødvendig innsikt i det aktuelle temaet, og du skal få svar på førespurnaden din innan rimeleg tid.

Vi skal vere opne om arbeidsmåtane våre

Forskingsrådets arbeidsformer skal vere opne og dei skal skape tillit. Informasjonen om arbeidsmåtane våre skal vere tydeleg og lett tilgjengeleg for brukarane, og endringar som gjeld brukarane direkte, skal varslast i god tid. Offentleglova gjeld for verksemda i Forskingsrådet.

Vi skal ha oversiktlege og forsvarlege søknads- og avgjerdsprosessar

Forskingsrådet skal ha klare kriterium for støtte, og saksgangen under dei ulike finansieringsordningane våre, skal vere lett tilgjengeleg. Forskingsrådet følgjer reglane i forvaltingslova i sine vedtak om løyving, og alle sakkunnige skal levere sakkunnigerklæring.

Forskingsrådet skal stadfeste at søknaden er motteken og sende melding til søkjaren så snart vedtak er fatta. Ei slik melding blir vanlegvis send til den institusjonen eller verksemda som er ført opp som prosjektansvarleg i søknaden. Det er institusjonen sitt ansvar å informere dei som tek del i prosjektet. Forskingsrådet legg også ut liste over søknadar til behandling.

Krav til offentlegheit

Alle kan be om innsyn i Forskingsrådets saksdokument. Hovudregelen i Offentleglova er at saksdokument, journalar og liknande register, er opne for innsyn dersom ikkje anna følgjer av lov eller forskrift med heimel i lov.

Klage på søknadsbehandlinga

Forskingsrådets vedtak er fritekne frå reglane i Forvaltingslova om grunngivingsplikt og klage (sjå Forskrift om vedtekter for Noregs forskingsråd paragraf 8, andre ledd, bokstav e). Forskingsrådet har jamvel opna for at søkjarar som meinar vedtak om avvisning eller heilt eller delvis avslag på deira søknad skuldast saksbehandlingsfel, eller svikt eller manglar ved premisset for vedtaket, kan klage. Klagen din skal behandlast av Klageutvalget, som er endeleg klageinstans i Forskingsrådet. For meir informasjon, sjå Klageordningen og Klageutvalget.

Forskingsrådet skal vere ein profesjonell samarbeidspartnar

Forskingsrådet skal følgje opp prosjekta gjennom gode kontrakts-, kontroll- og rapporteringsrutinar, sjå Prosjektoppfølgjing og rapportering.

Forskingsrådet skal stimulere til auka forskingsinnsats og betre kvaliteten på forskinga, og vi skal gi råd om korleis ulike aktørar kan arbeide for å oppnå dette.

Forskingsrådet skal fremje kontakt og etablere møteplassar og samarbeidsarenaer som skaper meirverdi for både aktørane og samfunnet.

Forskingsrådet har også som oppgåve å leggje til rette for ordningar som fører til auka samarbeid mellom norske og utanlandske forskingsmiljø og forskarar.

Attende til byrjinga av sida

Publisert:
09.09.2003
Sist oppdatert:
27.10.2017