Gå direkte til innhold
 

Forskingsrådet si rolle

Noregs forskingsråd er den viktigaste forskingspolitiske rådgivaren for regjeringa og departementa og fordeler årleg vel ni milliardar kroner til forsking og innovasjon.

Forskingsrådet har som mål å auke kvaliteten i norsk forsking og å fremje innovasjon og berekraft. Vi mobiliserer til større norsk deltaking i internasjonal forsking og innovasjon og stimulerer til samarbeid mellom forskingsmiljøa, næringslivet og offentleg sektor.

Forskingsrådet skaper også dialog mellom forskarar, brukarar av forsking og aktørar som finansierer forsking. 

Forskingsrådet gir råd om kor og korleis det bør satsast i norsk forsking. Vi har ansvaret for å auke kunnskapsgrunnlaget og få fram forsking som kan vere med på å løyse dei store samfunnsutfordringane. Forskingsrådet skal tilføre forskingssystemet meirverdi gjennom å realisere forsking som aktørane i forskingssystemet ikkje kan få fram kvar for seg.

Publisert:
14.08.2007
Sist oppdatert:
05.10.2018