Bladet Forskning

Vil lenger, djupare og kaldare

SFF-senteret AMOS skal gjere Trondheim til verdsmeister i forsking på intelligente skip, ubemanna fartøy og robotar som opererer i ekstreme situasjonar.

Skrevet av: siw ellen jakobsen

Foto: AMOS DRONAR: Ein flåte av dronar kan for eksempel systematisk tråle eit stort område i redningsoppdrag, dei kan overvake naturressursar, eller dei kan undersøkje ein miljøtrussel. Dronar kan altså brukast til langt meir enn krig. Her viser professor ved AMOS Tor Arne Johansen fram ein modell. (Foto: AMOS)

– Måla våre er tydelege og ambisiøse. Det er ingen tvil om at dette blir nokre krevjande år. Dei største barrierane våre blir arroganse og ignoranse, seier Asgeir J. Sørensen, leiar for det nye Senter for autonome marine operasjonar og system (AMOS).

Desse intelligente systema skal operere der menneske ikkje kan eller ikkje vil vere.

Arrogansen dreier seg om at mange akademikarar framleis ønskjer å verne om sitt eige fag, og ikkje er opne for koplingar med andre fagområde. Ignoransen handlar om ikkje å følgje med i timen.

Når den entusiastiske AMOS-leiaren begynner å fortelje om alt senteret skal halde på med dei neste ti åra, kan det fort bli ei vanskeleg øving å følgje med. Prosjektporteføljen er stor og kompleks.

Eitt viktig fellestrekk finn vi likevel: Her skal mange forskarmiljø samarbeide om å utvikle nyvinningar innanfor intelligent styring av teknologi til sjøs, i havet og i lufta. Anten som eit hjelpemiddel for menneske, eller rett og slett som heilt sjølvstyrte system. Desse intelligente systema skal operere der menneske ikkje kan eller ikkje vil vere. Fordi det er for farleg, for skittent, for kaldt – eller rett og slett for kjedeleg.

Meir IKT, nano og bio

Det nyopna AMOS-senteret i Trondheim står på skuldrene til det nyleg avslutta CeSOS, ein SFF i skjeringsfeltet mellom marin teknikk og teknisk kybernetikk. Men i AMOS kjem fagfeltet IKT til å bli større. I tillegg kjem også fagmiljø som marinbiologi, nanoteknologi og bioteknologi til å bli inkluderte.

– Målet er å auke graden av intelligens endå meir, å bringe oss endå lenger i retning av fullstendige autonome system.

Skipsfart, olje og energi, fiskeri og havbruk, offshore fornybar energi, marine mineral og marin vitskap. Dette er område AMOS vil finne nye system for. Systema skal brukast til kartlegging og overvaking, og til å ta avgjerder i uventa situasjonar, på djupt vatn og i arktiske strøk.

Foto: Ronny Danielsen Asgeir J. Sørensen (Foto: Ronny Danielsen) Heile 70 prosent av Noregs eksportinntekter kjem frå slike område. AMOS skal bidra med kunnskap for å gjere desse næringane både smartare, tryggare og grønare.

På fleire av områda er vi sterke her i Noreg frå før. Sjølv om mange der ute i verda kanskje er betre enn oss på enkelte nisjar, har vi god sjanse for å bli best, fordi vi kan jobbe meir heilskapleg med kompetanse og teknologioverføring i det vi kan kalle eit «super cluster», seier Sørensen.

Samarbeidspartnaren Statoil er for eksempel godt i gang på fleire av AMOS’ store satsingsområde: optimalisering av fornybar energi til havs og marine operasjonar i arktiske strøk og på djupt vatn.

Når det gjeld satsinga på ubemanna fartøy både i luft og under vatn, er NTNU no i ferd med å byggje opp eit framståande miljø. At AMOS også satsar mykje på å utvikle smartare, sikrare og grønare skip, blir godt motteke hos norske skipseigarar, som siktar mot større aktivitet i nordområda. Det same gjeld olje- og gassektoren, som bevegar seg lenger nord. Robotar under vatn opnar heilt nye moglegheiter for å bevege seg i ekstreme strøk og på store havdjup.

– Vår rolle er først og fremst å levere god grunnforsking. Men vi har gode tradisjonar i Noreg innanfor teknologi for at forsking og industri kan dra lasset saman. Det er inga motsetning mellom eksellent forsking og høg relevans, meiner Sørensen.

Samarbeid med NASA

Statoil, Det Norske Veritas og SINTEF-gruppen er hovudsamarbeidspartnarane til NTNU-forskarane. Også ei brei gruppe norske industribedrifter deltek.

Heile 70 prosent av Noregs eksportinntekter kjem frå slike område.

AMOS har i tillegg skaffa seg mange internasjonale partnarar. Blant desse er NASA. Dei skal AMOS jobbe saman med for å møte utfordringane knytte til autonomitet: Det er mange likskapstrekk mellom operasjonar i verdsrommet og i havrommet.

Ein annan samarbeidspartnar er institusjonen bak ekspedisjonen som fann «Titanic» – The Woods Hole Oceanographic Institution. Både dei, andre internasjonale partnarar og norske Kongsberg Gruppen og Forsvarets forskningsinstitutt vil samarbeide med AMOS om forsking på intelligente ubemanna undervassfarkostar og fly (dronar).

For dronar kan brukast til langt meir enn krig. Ja, det er nesten ikkje grenser for kva ein kan bruke dronar til, fortel senterleiaren. For eksempel kan ein flåte av dronar systematisk tråle eit stort område i redningsoppdrag, dei kan overvake naturressursar, eller dei kan undersøke ein miljøtrussel. 

Kvinnene kjem!

Senterleiaren innser at han gaper over mykje. Og at nokre av planane kanskje framleis ligg på teikneblokka om ti år. Men han har etablert ei sterk leiargruppe.

Når vi spør Sørensen om kjønnsbalansen i senteret, blir han litt stolt. – Vi er 50/50 kvinner og menn i leiargruppa, trass i at vi jobbar på eit tradisjonelt svært mannsdominert område. Og når det gjeld studentane, er eg òg svært optimistisk, seier han.

Det er to institutt ved NTNU som står bak AMOS: Institutt for marin teknikk og Institutt for teknisk kybernetikk. Begge har på ti år nesten fått dobla talet på kvinnelege studentar. No er nærmare 40 prosent av dei nye studentane kvinner.

– Med så gode rollemodellar i leiargruppa håper og trur eg at dette vil forplante seg på ph.d.-nivå, slik at vi skal kunne rekruttere mange kvinner til AMOS og sidan inn i toppstillingar i både akademia og industrien.

AMOS vil jobbe med dei store, globale problemstillingane: korleis vi kan gjere dei viktigaste næringane våre smartare, grønare og tryggare. Eg trur dette appellerer både til kvinnelege og mannlege studentar.

 

Senter for autonome marine operasjonar og system/Centre for Autonomous Marine Operations and Systems (AMOS)

  • Mål: Å etablere eit verdsleiande senter innanfor autonome marine operasjonar og system.
  • Senterleiar: Asgeir J. Sørensen
  • Årleg løyving frå Forskingsrådet: 17,5 millionar kroner
  • Talet på årsverk: 50+
  • Talet på planlagde doktorgradar: 100+ (inkludert assosierte prosjekt)
  • Samarbeidspartnere: SINTEF (IKT vd. Trondheim), Statoil Petroleum AS, Det norske Veritas, Norsk mrinteknisk forskningsinstitutt AS, SINTEF Fiskeri og havbruk AS.

www.ntnu.edu/amos

Skriv ut siden