Bladet Forskning

Sjefen for 1814

Ola Mestad er sjefen for 1814-forskinga. Det har gått i eitt i fleire år no. Men for halvtanna år sidan gjekk det ikkje bra.

Skrevet av: bård amundsen

Foto: Bård Gudim Ola Mestad, leiar for den nasjonale forskingskomiteen for grunnlovsjubileet. (Foto: Bård Gudim)

Jussprofessoren kjem rett frå Stortinget og svingar inn døra til kontoret sitt. Mestad har rapportert til dei folkevalde om det siste frå 1814-forskinga. Han skal snart ut igjen til Kiel og Khartoum for å formidle meir.

Kontoret hans ser du om du stiller deg opp framfor Universitetets Aula på Karl Johan og kikkar eitt vindauge til høgre for søyletrappa. Eit meir historisk professorkontor finn du ikkje i Noreg. Truleg var det her Kristian Birkeland sat, han som forklarte nordlyset og fann opp kunstgjødsla.

Like stilig var ikkje kontoret til Ola Mestad då vi besøkte han for eit drygt år sidan, under den omfattande oppussinga av Noregs første ordentlege universitetsbygningar. Alle dei gamle bokhyllene hans var dekte av plast, men utanpå låg det eit tjukt støvlag. Professoren var i dressjakke. Nedover høgrearmen og ryggen hans gjekk det ei kvit stripe av 200 år gammalt kalkstøv. Mestad måtte ha lent seg mot ein vegg.

Etter 1905-jubileet …

Mykje forsking skjer i samband med 200-årsjubileet for 1814. Forskingsrådet har satsa stort, og mange forskarar deltek.

Men Ola Mestad er sjølve 1814-forskinga. Leiaren for Den nasjonale forskingskomiteen for grunnlovsjubileet følgjer med på det aller meste. Og så forskar han mykje sjølv.

Det begynte i 2002. Då ville Ola Mestad og Dag Michalsen (professor i rettshistorie og Mestads parhest ved Det juridiske fakultetet) gjere noko i samband med hundreårsjubileet for 1905 (unionsoppløysinga). Med jubileet for ni år sidan vel overstått sat Mestad og Michalsen ein dag og kikka på kvarandre. Kva skulle dei no finne på?

Spesielt uklart har det vore kva som gjekk føre seg oppe i hovudet til eidsvollsmennene.

Svaret gav seg sjølv: 1814-jubileet i 2014. Ola Mestad kasta seg ganske snart over paragraf 101 i Grunnlova om næringsfridomen. Ikkje lenge etter hadde han klar ein artikkel på 87 sider.

– Paragraf 101 i Grunnlova har nesten ikkje noko å seie i dag. Derfor sa eg meg fornøgd med 87 sider om temaet.

Mestad og Michalsen var i gang på nytt.

Kva hende i Mirakelåret?

Heilt sidan 1814 er det blitt forska på Grunnlova – og på kva som eigentleg hende dette heilt spesielle året då Noreg igjen vart eit sjølvstendig land.

Mykje har vore uklart heilt fram til i dag om kva som gjekk føre seg i forkant av 17. mai 1814. Spesielt uklart har det vore kva som gjekk føre seg oppe i hovudet til eidsvollsmennene. Du finn svar i ei rekkje norske historiebøker. Men svara er sterkt farga av den samtida historieforskarane sjølv levde i. Og av kva nasjonen Noreg (og politikken) forventa av forskinga deira.

Det har i det heile vore ein del mytemakeri både frå høgre- og venstresida om 1814.

Å forske på sjølve grunnforteljinga om nasjonen Noreg – den som blir gjenteken frå hundrevis av talarstolar 17. mai kvart år – har vist seg å vere ei stor forskingsutfordring.

For var Grunnlova vår resultatet av at sjølvbevisste nordmenn – embetsmenn og bønder – samla seg, la hovuda i bløyt, og i fellesskap gjennomførte ein intellektuell prosess som enda opp i 110 paragrafar? Berre mengdene med punsj, sur vin og madeira som vart drukne på Eidsvoll mellom 10. april og 17. mai 1814, burde vere nok til å sende forskarar på leiting etter andre svar.

Då juristen Ola Mestad begynte å leite, fann han ganske riktig noko anna.

Sos Front og Juss-Buss

Men først går vi 25 år tilbake: Då Ola Mestad begynte å studere juss, vart han ganske raskt med i Juss-Buss – samlingsstaden for radikale jusstudentar.

– Juss-Buss var ein veldig hyggeleg stad. Og så var det fagleg ambisiøst.

Foto: Bård Gudim (Foto: Bård Gudim)

Til Juss-Buss kom det fattigfolk, innvandrarar, fangar, folk som trong juridisk hjelp, og som ikkje hadde råd til å betale advokat. Kombinasjonen av fagleg høgt nivå og det å kunne hjelpe nokon var kort oppsummert «stilig» for ein ung jusstudent, som til og med fekk lov til å prosedere rettssaker.

– Eg syntest juss var kjempeartig då eg begynte her. Men eg kan stadfeste alt gale folk har høyrt om miljøet blant studentane på jusstudiet den gongen. Det store fleirtalet støtta DKSF (Den konservative studentforening).

Sos Front var rundt 1980 størst i studentpolitikken i Oslo. Ola Mestad vart studentpolitikar, og ikkje lenge etter var han leiar av studentparlamentet.

Studenten Ola Mestads plan var basert på struktur: Han skulle jobbe som studentpolitikar frå 8 til 12 og deretter skjøtte ein vit.ass.-jobb innanfor oljerett frå 12 og resten av dagen. Det gjekk dårleg. Studentpolitikarane i «3.-etasjen» i administrasjonsbygget på Blindern begynte jo arbeidsdagen sånn rundt klokka 12, i den grad arbeidet vart påbegynt den dagen. Det funka ikkje for Ola.

Eg fryktar at det skal bli for mykje naive lovord om det norske folkestyret.

Statoil var eit heitt studieobjekt blant mange Oslo-studentar på 1980-talet. Etter kvart grov Mestad seg med stor interesse ned i dei juridiske sidene ved denne nye, norske oljegiganten. Så bar det vidare til jusstudium i Tyskland. Ei gammaldags og arrogant akademisk verd. Kjempemorosamt, det også, minnest Mestad. Mestad begynte på ein doktorgrad i rettshistorie, om utviklinga i aksjeselskapa i verda. Men ordentleg rettshistorikar rakk han aldri å bli. I staden tok han doktorgraden på kontraktsrettstemaet force majeure. I kombinasjon med ei professorstipendiat-stilling ved Universitetet i Bergen. Då var Ola blitt tobarnsfar og utsliten. Kombinasjonen av småbarnsliv og forskarliv vart for tøff. Løysinga vart jobb hos BAHR med ansvar for olje og gass, advokatfirmaet som kanskje er best kjent som hoffadvokat for Kjell Inge Røkke.

– Der vart eg på fulltid i ti år, til 2000.

I eit advokatfirma som BAHR er folk mykje flinkare til å jobbe som eit kollektiv enn tilsette på eit universitet er. I akademia er folk først og fremst individualistar. Men det fine med eit universitet er at du får lov til å jobbe med noko du sjølv lurer på. I eit advokatfirma må du jobbe med det klientane betaler deg for.

Åtte 1814-prosjekt

Det var Forskingsrådet som spurde Ola Mestad om å leie Forskingskomiteen for grunnlovsjubileet. Åtte forskingsprosjekt ligg under komiteen. Størst er prosjektet Nye perspektiver på Grunnloven leia av Dag Michalsen, med i alt 70 forskarar og eit seksbinds bokverk på Pax med same tittel som hovudproduktet (sjå Ser med nye briller på Grunlova). Andre prosjekt spenner frå velferdsstatforsking i Bergen til regionforsking i Trondheim, i alt minst 18–20 bøker. Og ei rekkje artiklar og arrangement.

– Nesten alt saman må vere klart til jubileet no i vår. Det er litt spesielt å ha ein så klar tidsfrist for forsking. Men det aller meste er i rute, kan Mestad rapportere.

Forskinga har vore delt i tre: 1) Kva skjedde i 1814 – eigentleg? 2) Kva er dei lange linjene gjennom 200 år? 3) Kva er utfordringane i dag?

– Nummer to, dei lange linjene, viste seg vanskelegast. Det fekk vi færrast forskarar med på.

Vakna blind på eitt auge

At det har vore mykje å gjere for Ola Mestad dei siste åra, er ei underdriving. Han er heile tida på farten. Men for halvtanna år sidan gjekk det gale.

Mestad hadde vore på møte i fire land på tre døgn. Inkludert eit 1814-arrangement i St. Petersburg med mykje servering. I tillegg hadde han med seg ein bunke med kursoppgåver som måtte rettast. Straks han var heime igjen, bar det direkte av garde i møte med Etikkrådet for oljefondet, som Mestad leier. Nokon der nemnde at han såg frykteleg sliten ut. Neste morgon vakna Mestad med syn berre på det eine auget. Han hadde hatt slag.

Samtida til eidsvollsmennene var ei svært levande idéverd.

– Eg ser framleis litt dobbelt. Og så seier legen at det er eit lite område i hjernen min der det ikkje finst nokon aktivitet. Elles kjennest det ikkje som noko anna er gale. No er alle verv oppsagde, bortsett frå 1814-forskingsleiinga og Etikkrådet.

Får ein lov til å sutre litt i eit intervju som dette? Då vil eg fortelje at eg har søkt fakultetet om formidlingspermisjon i samband med 1814-jobbinga mi. Eg vet ikkje om det er noko som heiter formidlingspermisjon. Men eg synest dei kunne ha gitt meg det. Late meg sleppe litt undervisning. No må eg i staden ta ut oppsparte undervisningstimar i «timebanken» når eg skal formidle grunnlovsforskinga. Vi forskarar blir jo heile tida maste på om å formidle, då bør vi bli litt oppmuntra til å drive med det når det er heilt ekstraordinært.

På veggen hos Ola Mestad heng eit lite diplom: jusstudentane sin undervisningspris for 2012. Året før fekk han pris for nynorsken sin frå Juristmållaget. Spør vi kollegaer på Universitetet i Oslo om Ola Mestad, lyder karakteristikken omtrent slik: Mannen er ganske enkelt eit godt menneske.

Forventningar til 1814-jubileet

Om sjefen for 1814-forskinga har nokre forventningar til grunnlovsjubileet?

– Eg håper at folk skal lære litt om Grunnlova.

Og så håper eg det skal bli litt politisk diskusjon. Kanskje særleg om dette med sjølvråderett og internasjonal integrasjon. Her er det mange utfordringar i samband med Grunnlova. Det blir overdrive kor mykje norsk politikk blir styrt av EU/EØS, men det er likevel noko vi bør diskutere.

Eg synest forresten jubileet har starta veldig bra, eg. Det har alt vore mykje god forskingsformidling i aviser og tv om 1814 og Grunnlova.

Det eg fryktar, er at det skal bli for mykje naive lovord om det norske folkestyret. For mykje «17. mai» i negativ forstand. Og så fryktar eg at det internasjonale perspektivet på 1814 og Grunnlova skal bli borte. Både Dag (Michalsen) og eg er overraska over kor nasjonalt orienterte mange norske historikarar er, kor lite dei ser av det internasjonale. Kan for eksempel norske historikarar noko om den kjempeviktige Wien-kongressen i 1815?

– Kva nytt veit vi no gjennom den 1814-forskinga som Forskingsrådet har finansiert?

– Vi veit at dei rettslege tankane eidsvollsmenn gjorde seg i 1814, var vesentleg meir reflekterte enn kva historikarar førestilte seg før. Deltakarane på Eidsvoll hadde meir kunnskap om internasjonale tankar ute i Europa enn vi har forstått. Det er også mange andre spennande funn. Ta for eksempel Eirik Holmøyvik ved Universitetet i Bergen, som kan fortelje oss at det ikkje var den franske filosofen Charles de Montesquieus tankar som prega eidsvollsmennene sterkt, slik vi lenge har førestilt oss. Dette er kongepropaganda frå høgresida i Noreg på 1800-talet. Det var heller ikkje Rousseaus folkesuverenitetsprinsipp mennene på Eidsvoll tenkte på i februar då Christian Frederik måtte kalle inn til riksforsamling, slik det har stått i lærebøkene våre. Det har i det heile vore ein del mytemakeri både frå høgre- og venstresida om 1814.

Nye avsnitt i 17. mai-talane

I staden kom mange tankar til Noreg frå intellektuelle miljø i London og Danmark. Og det var nok å ta av: Samtida til eidsvollsmennene var ei svært levande idéverd. Ola Mestad har sjølv gitt ut ei bok (Frihetens forskole. Professor Schlegel og eidsvollsmennenes læretid i København) om innverknaden frå den danske jussprofessoren Johan Fredrik Wilhelm Schlegel (1765–1836) ved Københavns Universitet.

Grunnlova kan forresten vere litt morosam òg, den.

– I dag veit vi at også bøndene var ivrigare etter å ta i bruk den nye makta dei fekk i 1814, enn det vi har forstått tidlegare. Dessutan veit vi meir om propagandakrigen i 1814 mellom Sverige og Noreg.

Grunnlova kan forresten vere litt morosam òg, den, iallfall for ein jurist som meg. Ta for eksempel dette at det ikkje står eit einaste ord om velferdsstaten i Grunnlova. Men det står i Grunnlova at du ikkje kan gi norske lover tilbakeverkande kraft. Så når vi no har innført velferdsstaten, ja så kan vi ikkje fjerne han igjen. Det ville vere eit grunnlovsbrot.

Om forskingssatsinga vår bidreg til at det blir skrive nokre nye avsnitt inn i 17. mai-talane, så har vi oppnådd det vi håpte på. 

Nynorsk omsetjing: Aud Søyland. 

OLA MESTAD

  • fødd 1955 i Oslo
  • jussprofessor ved Senter for europarett og Avdeling for petroleums- og energirett, Universitetet i Oslo
  • mangeårig erfaring som advokat i BAHR, har særleg arbeidd med petroleumsrett
  • aktiv målmann, har mellom anna vore styreleiar i Det Norske Samlaget
  • leiar i Etikkrådet for Statens pensjonsfond utland (Oljefondet)
  • leier no forskingskomiteen for grunnlovsjubileet

 

 

Skriv ut siden