Bladet Forskning

Romforskingssenter siktar høgt

Dei siktar høgt, forskarane ved Birkelandsenteret for romforsking (BCSS). Sjølv om det er det nære verdsrommet – det som skjer berre nokre hundre kilometer over hovuda våre – som først og fremst opptek dei.

Skrevet av: synnøve bolstad

Foto: Shutterstock FRÅ KLAR HIMMEL: Det er cirka 45 lynnedslag på jorda kvart sekund, likevel veit vi forunderleg lite om lyn. Det vil forskarane ved Birkeland romforskingssenter gjere noko med. (Foto: Shutterstock)

I romforskingsmålestokk er det sjølvsagt ikkje så stort. Men ambisjonane er høge nok: Med utgangspunkt i fire spørsmål skal forskingsleiarane i fire grupper gjere nye oppdagingar innanfor romforsking. Blant anna håper dei å kome opp med ein ny, finmaska modell av ionosfæren som kan erstatte den gamle, grove modellen frå 70-talet og finne nye svar på korleis jorda er kopla til resten av verdsrommet, sidan dei gamle teoriane har vist seg ikkje å stemme.

Gammaglimt i torevêr blir òg eit forskingsområde.

Ein uttalt ambisjon er at dei skal vere førsteforfattar på éin vitskapleg artikkel i året kvar. Og det skal vere morosamt å forske ved den nye SFF-en.

– Den siste ambisjonen er minst like viktig som dei faglege, seier senterleiar Nikolai Østgaard.

– Vi har som mål å skape eit miljø der vi kan tenkje kreativt, vere opne for endringar og nye impulsar. Den beste forskinga kjem ofte gjennom eit lykketreff.

Vil forstå asymmetrien

Foto: Christer van der Meeren Nikolai Østgaard (Foto: Christer van der Meeren) Hovudspørsmålet senteret skal forsøke å svare på, er korleis jorda er kopla til verdsrommet. Framleis er det fundamentale manglar i forståinga av korleis vår eigen planet heng saman med resten av verdsrommet. Moderne teknologi og nye bilet- og satellittdata kan gi nye svar.

Delar av svaret kan liggje i nordlyset over den nordlege halvkula og sørlyset over den sørlege halvkula. Lenge trudde ein at nordlys og sørlys var spegelbilete av kvarandre. Slik er det ikkje. Romforskarane i Bergen hamna på framsida av Nature i 2009 då dei presenterte funn som motbeviste det.

– I denne asymmetrien mellom nordlys og sørlys kan svaret på romkopling liggje, seier Østgaard.

Nedbør av partiklar pregar atmosfæren

Verdsrommet er fullt av partiklar lada med energi. Dei blir borne rundt av solvind og kosmisk stråling i ein komplisert dans. Når solvind og kosmisk stråling treffer atmosfæren rundt jorda, skaper kollisjonen ei rekkje nye partiklar som fell ned over jorda i form av partikkelskurer – flest rundt polane der den magnetiske aktiviteten er størst.

Romforskarane vil utvikle ein ny modell av det nære verdsrommet.

– Energirike partiklar som bombarderer jordatmosfæren, avset energi djupt nede i atmosfæren i eit område som populært blir kalla ignorosfæren fordi vi veit så lite om han. Denne partikkelnedbøren påverkar både temperatur og kjemi i atmosfæren. Meir kunnskap om partikkelskurer frå rommet kan med andre ord vere viktig for å forstå klimautviklinga på jorda. Derfor er dette eit anna område vi vil konsentrere forskingsinnsatsen vår om, seier Østgaard.

Forskar på torevêret

Gammaglimt i torevêr blir òg eit forskingsområde for det nye senteret.

Det er ein enorm elektrisk aktivitet som får utløp i torevêr. Også over torevêret skjer det kraftige elektriske utladingar. Når eit lyn slår ned i bakken frå ei sky, blir det igjen eit stort elektrisk felt over skyene. Elektrona frå dette feltet vil bevege seg oppover i atmosfæren og skape heilt spesielle lysfenomen med namn som alvar, ånder og blå jettar. Lysfenomena har vore kjende blant flygarar lenge, men først på slutten av 1980-talet vart fenomena vitskapleg dokumenterte.

Det skal vere morosamt å forske ved den nye SFF-en.

Relativt nytt er det at det også kjem gammastråling frå jorda i torevêr. Strålinga blir truleg produsert inne i toreskya. Det var NASA som tilfeldigvis oppdaga det i 1990, då dei sende opp utstyr for å fange opp stråling frå fjerne galaksar. I staden fanga dei opp gammastråling frå jorda i torevêr. NASA lurte først på om det var noko feil med måleapparatet. Det var det ikkje. No blir det forska konsentrert på desse gammaglimta ved Birkelandsenteret.

BCSS vil undersøkje korleis gammastråling og relativistiske partiklar blir produserte, kor ofte det skjer, og kva det har å seie for temperatur og kjemi i atmosfæren. Senteret byggjer instrument som skal til romstasjonen for å måle gammastrålar. I tillegg planlegg dei å sende opp ein ballong over Sentral-Amerika for å finne ut meir om torestormar.

Ny modell av ionosfæren

Romforskarane vil dessutan utvikle ein ny modell av det nære verdsrommet. Dagens modellar av straumsystemet i dei ytre laga av atmosfæren er frå 1970-talet. Betre modellar gir betre utrekningar av vekselverknader mellom solvind og dei ulike laga av atmosfæren rundt jorda.

 

Ein imponerande snuoperasjon

Romfysikkmiljøet i Bergen er lite og fragmentert og bør fasast ut, var tilrådinga i Forskingsrådet si evaluering av fysikkfaget i 2000. Då fysikkfaga vart evaluerte ti år seinare, fekk fagmiljøet beste karakter og merkelappen «i verdsklasse». På ti år hadde romfysikkmiljøet vorte verdsleiande. I dag er det same miljøet kjernen i BCSS, valt ut som SFF i skarp konkurranse med andre framståande forskingsmiljø. Den nye SFF-leiaren har vore sentral i snuoperasjonen. I 2012 fekk han ERCs Advanced Grant, som går til forskarar som er verdsleiande på sine felt.

 

Birkelandsenteret for romforsking/Birkeland Centre for Space Science (BCSS)

  • Mål: Å finne ut korleis jorda er kopla til verdsrommet.
  • Senterleiar: Professor Nikolai Østgaard
  • Samarbeidspartnarar: UiB, NTNU, UNIS
  • Årleg løyving frå Forskingsrådet: 16 millionar kroner
  • Talet på årsverk: 46
  • Talet på planlagde doktorgradar: 20
  • Samarbeidspartner: UNIS
www.uib.no/birkeland

 

 

Skriv ut siden