Bladet Forskning

Lilletun vurderer fuskedomstol

I den komande stortingsmeldinga om forsking vil fusk og etikk bli breitt handsama.

Skrevet av: ingar myking

I den nye Forskingsmeldinga, som snart skal offentleggjerast, vil det bli drøfta kven som skal ha ansvaret for å rydde opp i fusk og fanteri innan norsk forsking. – Vi vurderer å opprette ein nasjonal organisasjon som skal ta seg av fusk og manglande etikk, men ei anna mogleg løysing kan vere å gje forskingsinstitusjonane dette ansvaret sjølve, sa kyrkje-, utdannings- og forskingsminister Jon Lilletun under Dei nasjonale forskingsetiske komiteane si konferanse om oppdragsforsking og sjølvstende innan forsking i desember i fjor. – Det kan òg vere eit alternativ å utvide mandatet til Dei forskingsetiske komiteane, sa Lilletun, som på vegen tilbake til departementet fekk klare råd frå salen: – Ikkje gløym dei problema som kan oppstå om kollegaer får domsrettar overfor kvarandre.

Problemet med samfunnsforskinga

Ministeren var først og fremst oppteken av samfunnsforskinga under møtet, og hevda at det var altfor lite samfunnskritikk å spore her. – Dessutan kan ein spørje seg om det er mogleg å bestille forskingsresultat i Noreg. Diverre er svaret litt for ofte ja, sa Lilletun, som likevel understreka at han ikkje trudde at manglande etikk, i høve til andre land, er noko stort problem i Noreg. Han åtvara likevel mot det han kalla for tette bindingar mellom oppdragsgjevarar og oppdragstakarar. – Samfunnsforskarane burde vere nyskapande og premissleverandørar for styresmaktene og næringslivet, men litt for ofte ser ein at dei presenterer forventa resultat.

Professor og leiar ved Institutt for samfunnsforsking, Fredrik Engelstad, meinte at Lilletun sitt sakn av kritisk forsking var eit strukturelt problem som òg politikarane hadde ansvar for. – Det forskingspolitiske systemet oppmuntrar oss ikkje til å vere "brysame" i forskinga vår, sa Engelstad, som òg er leiar for Den nasjonale forskingsetiske komiteen for samfunnsvitskap og humaniora (NESH).

Lilletun var dels einig i kritikken, og kom sjølv med døme på korleis styresmaktene kunne sikre at viktig kritisk forsking vart høyrd under politiske prosessar. – I tilknyting til arbeidet med Reform 94 vart mykje av forskinga luka vekk av departementet etter kvart som prosessen gjekk. Det er klart ein kan stille spørsmål rundt habiliteten i ei slik sak. Difor har eg gjeve Forskingsrådet ansvaret for evalueringsarbeidet i samband med Reform 97, kunne ministeren fortelje, og la vidare til at han vurderte å få laga køyrereglar for korleis forsking blir brukt i "Det offentlege".

Skriv ut siden