Bladet Forskning

Har teke etikk på alvor

Dei siste 15 åra har Forskingsrådet satsa offensivt på å byggje opp kompetanse innanfor etikkforsking i Noreg. Det har gitt resultat. I dag finansierer Rådet over 25 prosjekt på feltet.

Analyse av diskursen rundt genmodifisert mat, rettslege implikasjonar av biometrisk identifikasjon, den moralske statusen til menneskelege embryo … Titlane er mange og varierte, og nivået på forskinga høgt. Administrerande direktør Arvid Hallén ser ikkje bort frå at Forskingsrådet kan ha noko av æra for dette.

Arvid Hallén (Foto: ANNE NORSETH)

– Det var eit svært viktig initiativ Forskingsrådet tok då det fekk etablert det tiårige Etikkprogrammet i 1992, seier Hallén.

– Det bidrog til ei forskarutdanning innanfor etikk som har ført til at Noreg no er heilt med internasjonalt. Det er vi glade for. For Forskingsrådet er det viktig at ein sikrar etisk refleksjon rundt forsking, og at det føregår etikkforsking innanfor særleg relevante felt.

Dobbelkompetanse

Det var den internasjonalt anerkjende filosofiprofessoren Dagfinn Føllesdal som leidde Etikkprogrammet. Ein ville byggje opp kompetanse slik at Noreg skal kunne møte dei mange etiske utfordringane samfunnet kjem til å stå overfor.

 

Helge Rynning (Foto: BRITA SKULAND)

– Modellen programmet jobba etter, var ei nyvinning og fekk mykje skryt, fortel seniorrådgivar Helge Rynning i Forskingsrådet. – Føllesdal rekrutterte gode forskarar med doktorgradar frå forskjellige felt, for så å hyre inn ei rekkje internasjonale storleikar til å gi dei intensive kurs i etikk i eitt år. Sidan vart dei beste plukka ut til å gjennomføre treårige doktorgradsprosjekt.

Dobbelkompetanse var eit viktig stikkord.

Miljøa tek over

Ifølgje Føllesdal deltok rundt 500 forskarar på etikkursa, noko som førte til eit landsomfattande etikknettverk på tvers av faggrenser og med tilknyting til internasjonal forsking.

Etikkprogrammet bidrog til ei forskarutdanning innanfor etikk som har ført til at Noreg no er heilt med internasjonalt.

– Etikkprogrammet fekk god omtale i ei internasjonal evaluering etter at det vart avslutta i 2002.

– Men då var det slutt?

– Programmet, men ikkje initiativet, seier Rynning. – No var det på tide at universiteta og høgskulane også tok ansvar for feltet. Forskingsrådet var med på å starte og gav sekretariatsstøtte til eit nasjonalt nettverk for forskarutdanning, etikk.no, og gav incentivstøtte til miljø som ville drive med etikk. Universitetet i Oslo gjorde etikk til eit av dei tre satsingsområda sine og har sidan 2002 vidareført Etikkprogrammet og koordinert nettverket.

Viktig i bio- og nanoteknologi

Og Forskingsrådet gjekk vidare med andre program, fortel Rynning. Sjølv er han koordinator for programmet Etikk, samfunn og bioteknologi, også kalla ELSA (Ethical, Legal and Social Aspects). Programmet har samarbeidd tett med Forskingsrådet sitt program FUGE (Funksjonell genomforsking i Noreg), som har som mål å vie fem prosent av budsjettet sitt til forsking på etiske, samfunnsmessige og miljømessige problemstillingar. Mellom anna har dei to hatt ei felles utlysing av midlar. Vidare har Forskingsrådet samarbeidd med Bioteknologinemnda og Nasjonalt etikknettverk om ein serie forskarutdanningskurs på feltet.

Dobbelkompetanse var eit viktig stikkord.

Også NANOMAT (Nanoteknologi og nye materiale) har løyvd pengar til ELSA-forsking, rundt to prosent av det totale budsjettet for programmet.

 

Dag Høvik (Foto: Jon Solberg)

– Mi erfaring frå industrien viser kor viktig det er å kartleggje nye område med tanke på mellom anna helse og risiko. Nanoteknologien gir enorme moglegheiter, og derfor må vi også sjå på usikkerheitene, seier programleiar Dag Høvik.

Føllesdal leier vegen vidare

Høvik peikar på integrering av etikkaspekta i dei større naturvitskaplege prosjekta som utfordringa og målet framover. Han får følgje av Rynning.

  – No skal ei svært kompetent gruppe setje seg ned for å greie ut vegen vidare for Forskingsrådet si satsing på ELSA-forsking. Leiar for gruppa er Dagfinn Føllesdal, den tidlegare leiaren for Etikkprogrammet, så vi har høge forventningar, avsluttar Rynning.

Skriv ut siden