Bladet Forskning

Globalt domstolsanarki?

Med eit veksande mangfald av internasjonale domstolar aukar behovet for eit sett av spelereglar. Eit sterkt Oslo-miljø av juristar, filosofar og statsvitarar vil hjelpe til.

Skrevet av: christian lund

Foto: Salvatore Laporta, AP KONFLIKT: Italias regjering ville behalde krusifiksa i klasseromma sjølv om Den europeiske menneskerettsdomstolen slo fast at dei bryt med menneskerettane. (Foto: Salvatore Laporta, AP)

I dag finst det fleire titals internasjonale domstolar og ulike slags tribunal i verda. Etter at Berlinmuren fall, skaut denne utviklinga fart. Suverene statar har i stadig aukande grad sett bort myndigheit på viktige område som menneskerettar, investeringar, handel og strafferett.

Er domstolane legitime?

Foto: UIO Andreas Føllesdal (Foto: UIO) – Det er gode grunnar for at tvistar på ein del slike internasjonale område blir behandla i internasjonale organ. Framveksten av domstolane heng saman med auka globalisering, seier filosofiprofessor Andreas Føllesdal.

– Men det er avgjerande at domstolane fungerer etter formålet og blir oppfatta som legitime. Eit viktig spørsmål er om domstolane sikrar grunnleggjande verdiar som for eksempel føreseielege forhold og vern mot sterke partar, legg han til. Føllesdal leier SFF-en Senter for forsking om internasjonale domstolars legitimitet (PluriCourts) i den første perioden, før jussprofessor Geir Ulfstein tek over.

Dei har begge bakgrunn frå Senter for menneskerettar. Tidlegare har dei fått eit ERC (European Research Council) Advanced Grants for å studere opphavet, funksjonane, effektane og legitimiteten til menneskerettsdomstolane. No utvidar dei denne forskinga til fleire område.

Kvifor er ikkje miljø omfatta?

– Det er påfallande at domstolane dekkjer nokre, men ikkje alle område som er globale i sin natur. Kvifor er for eksempel ikkje miljøspørsmål omfatta av nokon internasjonal domstol? Vi vil studere internasjonal praksis på miljøområdet opp mot menneskerettar, handel, investeringar og strafferett, der det finst domstolar, seier Ulfstein.

Foto: UIO Geir Ulfstein (Foto: UIO) Framveksten av domstolane reiser mange spørsmål som senteret søkjer svar på. Korleis fungerer desse uavhengige domstolane? Bind dei statar for mykje eller for lite? Er dei lydhøyre for kritikk? Fungerer den vanskelege balansegangen mellom uavhengige domstolar og demokratisk kontroll? Korleis kan statar eller andre eventuelt justere kursen til domstolane når ein ikkje har internasjonale demokratiske institusjonar, slik ein har nasjonalt?

Vekkjer aukande debatt

– Vi tek utgangspunkt i dei kriteria for å utøve dømmande makt som gjeld for nasjonale domstolar. Så testar vi ut om desse kriteria for legitim maktutøving også gjeld for internasjonale domstolar, seier Føllesdal.

Både i Noreg og internasjonalt vekkjer domstolane aukande debatt. Her heime har det særleg vorte reist spørsmål om menneskerettsdomstolane har for mykje makt. Noreg har for eksempel vore nølande når det gjeld å slutte seg til nye internasjonale klageordningar for rettane til funksjonshemma og barn.

– I motsetning til tidlegare seier ikkje Noreg nødvendigvis ja til å slutte seg til alle domstolane. Eg trur det er sunt at det blir meir debatt rundt dette. Det er viktig å få utgreidd konsekvensane av tilslutning, seier Ulfstein.

Anarki mellom domstolar

Med det veksande talet på domstolar blir det større fare for konfliktar dei imellom. Sidan det ikkje finst éin overordna domstol, kan det internasjonale samfunnet stå i fare for å oppleve eit anarki mellom domstolane.

– Mangfaldet av domstolar tvingar fram spørsmålet om kva som er den smartaste måten å organisere dei på. Trengst det ein siste instans? Skal i tilfelle den internasjonale domstolen i Haag få uttrykkjeleg forrang? Eller skal ein basere seg på at domstolane kjem fram til semje gjennom dialog? Vi ønskjer å klargjere kva for kriterium ei slik avveging bør byggje på, poengterer Føllesdal.

Senteret vil kome med grunngitte oppfatningar om moglege reformer av domstolane. Dialog med dei instansane som reformerer domstolane internasjonalt, står derfor sentralt.

Framveksten av domstolane heng saman med auka globalisering.

– Vi vil også samarbeide med dommarar, domstolar, forvaltning og organisasjonar som for eksempel advokatforeininga. I tillegg vil vi utvikle samarbeid med uavhengige organisasjonar, såkalla NGO (Non-Governmental Organisations). Det er viktig at aktørane som på ulik måte er involverte i eller berørte av domstolane sitt arbeid, får betre forståing av samspelet mellom domstolane på nasjonalt og internasjonalt nivå, seier Ulfstein.

Forskinga ved senteret svarer på ei aukande interesse for kva verdiar og normer retten byggjer på. Dei samansette spørsmåla senteret skal svare på, krev eit utprega tverrfagleg samarbeid. Filosofar og statsvitarar vil supplere perspektiva til juristar som har forska på internasjonal rett. Senteret har også eit stort internasjonalt nettverk på desse fagområda.

– Internasjonale domstolar endrar seg stadig og fungerer i eit landskap i kontinuerleg endring. Internasjonalt blir styrkeforholdet forskyvd mot aust. Kva får det å seie for domstolane? For å svare på dette er det av stor verdi å kunne følgje dei internasjonale domstolane over tid slik den langsiktige SFF-løyvinga gir oss moglegheit til, avsluttar Ulfstein.

 

Senter for forsking om internasjonale domstolars legitimitet/Centre for the Study of the Legitimate Roles of the Judiciary in the Global Order (PluriCourts)

  • Mål: Analysere og vurdere den nasjonale og internasjonale legitimiteten til mangfaldet av internasjonale domstolar og tribunal.
  • Senterleiarar: Andreas Føllesdal, blir avløyst av Geir Ulfstein, begge Universitetet i Oslo
  • Samarbeidspartnarar: University College London; Max Planck Institute; Frankfurt University; Université Paris; Wissenschaftzentrum Berlin; University of Amsterdam; Weatherhead Center for International Affairs, Harvard University; European University Institute, Firenze
  • Årleg løyving frå Forskingsrådet: 17,5 millionar kroner
  • Talet på årsverk ved start: 3,5, så blir det tilsett postdokar, ph.d.-ar, og cirka fire gjesteforskarar
  • Talet på planlagde doktorgradar: 8 + dei som blir finansierte frå andre kjelder; 9 postdokardok
  • Samarbeidsprtner: Universitetet i Bergen
www.jus.uio.no/pluricourts/

 

 

Skriv ut siden