Bladet Forskning

Fleirspråklegheit som ressurs

Fleirspråklegheit påverkar både enkeltindivid og samfunnet. Senter for fleirspråklegheit skal undersøkje korleis det skjer, og kva for konsekvensar det får.

Skrevet av: christian lund

Foto: Elizabeth Lanza RØTER: Norskamerikanarar har gjennom generasjonar ønskt å ta vare på den norske identiteten sin. Fleirspråklegheit er eit viktig element i dette. (Foto: Elizabeth Lanza) Auka migrasjon og globalisering fører til eit meir fleirspråkleg samfunn. Fleire barn og unge veks opp i familiar der foreldra snakkar ulike språk. I den norske grunnskolen finst det fleire enn 150 språk. I eit globalisert samfunn blir det òg stilt større krav enn tidlegare til kompetanse i engelsk.

– Fleirspråklegheit er eit fenomen som grip om seg. I forskinga vår ønskjer vi å følgje menneske som kan og bruker fleire språk i ulike livsfasar. Forskinga rettar søkjelyset mot sjansane og utfordringane fleirspråklegheit gir på både individ- og samfunnsnivå, seier professor i lingvistikk Elizabeth Lanza. Ho leier Senter for fleirspråklegheit (MultiLing) ved Universitetet i Oslo.

Frå vogge til grav

Ved senteret skal ein studere korleis barn, unge, vaksne og eldre tileignar seg og bruker språka dei kan, og korleis språkkompetanse og språkbruk endrar seg i løpet av livet. MultiLing pløyer ny mark ved å studere språkinnlæring og språkbruk gjennom livsløpet i eit sosialt perspektiv.

– Tidlegare forsking har sett på språk i eit individuelt livsløpsperspektiv. Ved å sameine språkpsykologi og språksosiologi skal vi no studere korleis språk blir lært og brukt i ulike grupper på ulike arenaer gjennom heile livet, seier Lanza.

Fleirspråklegheit er eit fenomen som grip om seg.

Det er mange spørsmål å ta tak i: Korleis tileignar barn seg fleire språk frå fødselen av? Korleis kan helsestasjon, barnehage og skule forvalte dei fleirspråklege ressursane til barna på best mogleg måte? Korleis bruker ungdommar dei språka dei kan, og korleis påverkar dette for eksempel norsk språk? Korleis endrar arbeidsmiljøet seg når bruken av engelsk grip om seg i norske bedrifter?

– Språkbruk blant eldre interesserer oss spesielt fordi dette er eit lite studert forskingsfelt. No som fleire i den første generasjonen innvandrarar har nådd ein høg alder, treng vi meir kunnskap. Kva for utfordringar står for eksempel helsesektoren overfor når dei skal ta seg av eldre innvandrarar? Det blir stilt språkkrav til helsepersonell som skal gi informasjon til og behandle denne gruppa, seier Lanza.

Noreg som «språklaboratorium»

Foto: Annica Thomsson Elizabeth Lanza (Foto: Annica Thomsson) Senteret legg òg vekt på forvaltninga av språk i samfunnet og korleis sosiale og politiske maktforhold påverkar fleirspråklegheit. Korleis verkar språkideologi og språkpolitikk inn på sosiale institusjonar som har med fleirspråklegheit å gjere i ulike livsfasar?

– Med globaliseringa har det språklege mangfaldet vakse kraftig. Men Noreg har alt ein tradisjon med fleire språk: samisk, kvensk, norsk teiknspråk, romfolket sitt romanes, dei reisande sitt språk romani, jiddisk og moderne hebraisk blant jødane. Og vi har eit stort mangfald av dialektar.

Lanza påpeiker at Noreg er interessant i språksamanheng fordi det er ein så stor aksept for ulike dialektar – ein språkideologi som er forskjellig frå det ein finn i dei fleste andre land.

Forsking på fleirspråklegheit før og no

Forskingsperspektivet på fleirspråklegheit har endra seg sterkt. Heilt fram til midten av 1960-talet såg ein på fleirspråklegheit som noko negativt. Dette bygde mellom anna på dårleg utvikla testar i USA som viste at innvandrarar var mindre intelligente enn andre.

Språkbruk blant eldre interesserer oss spesielt.

– I dag har ein utvikla betre og meir valide testar og meiner at tospråklege verken er meir eller mindre intelligente enn andre. Ein ser derimot meir på språk som ein ressurs, og forskarane understrekar dei positive kognitive sidene ved fleirspråklegheita.

Nyare hjerneforsking tyder mellom anna på at tospråklege barn kan ha kognitive fordelar, og at det å kunne fleire språk kan utsetje demens. Elevar som har delteke i tospråklege opplæringsprogram over lang tid, er også dei som har høgast skulesuksess, utdjupar Lanza.

Språk i familien

Samfunnsideologi påverkar haldninga til språk i kvar enkelte familie. Det gir seg utslag i kor aktivt språk blir brukt, og dermed om barna lærer det. Er det for eksempel slik at tyrkisk blir vareteke meir enn nederlandsk i familiar som bur i Noreg? I kva grad er språk ein kulturell kjerneverdi som blir formidla vidare? Kva har ny teknologi og sosiale medium å seie for språkbruken heime?

– Familiespråkpolitikk er eit veksande fagfelt som byggjer bru mellom språkpsykologiske og språksosiologiske tilnærmingar til fleirspråklegheit. Dette er eit område vi treng meir kunnskap om, seier Lanza.

Dialogbasert forsking

Lanza er oppteken av at fleirspråklegheit har samfunnsmessige konsekvensar. Senteret skal kartleggje behova for kunnskap om fleirspråklegheit i skuleverket og helsesektoren og andre delar av arbeidslivet.

– For å få til dette må vi ha tett dialog med brukarane av forskinga. Denne dialogen blir ein viktig del av sjølve forskingsprosessen. Brukarane skal ikkje berre få resultata av forskinga, men også ha høve til å vere med og utforme forskingsspørsmåla ut frå sine behov, avsluttar Lanza.

 

Senter for fleirspråklegheit/Centre for Multilingualism in Society Across the Lifespan (MultiLing)

  • Mål: Visjonen til senteret er å bidra med kunnskap om moglegheiter og utfordringar ved fleirspråklegheit slik at samfunnet effektivt kan forvalte språkleg mangfald, og slik at individ kan få utvida det kommunikative handlingsrommet sitt.
  • Senterleiar: Elizabeth Lanza, Universitetet i Oslo
  • Samarbeidspartnarar: MultiLing har eit internasjonalt vitskapleg råd og samarbeider med ei rekkje 
  • institusjonar og forskarar, både nasjonalt og internasjonalt (sjå meir på nettstaden)
  • Årleg løyving frå Forskingsrådet: 14,5 millionar kroner
  • Talet på årsverk: 17
  • Talet på planlagde doktorgradar: 23
  • Samarbeidspartnere: University of Western cape, Universitetet i Lund, Københavns universitet, STATPED, Universitetet i Tromsø, Nanyang Technological University i Singapore, Språkrådet
www.hf.uio.no/multiling

 

Skriv ut siden