Bladet Forskning

Etikk til folket

Dei nasjonale forskingsetiske komiteane vil at vi skal skyve etikk lengst fram i medvitet. Målet no er obligatorisk opplæring i etikk for alle som skal forske.

Hilde Wisløff Nagell (Foto: LISE EKERN)

– Sudbø-saka sette fart på interessa for forskingsetikk, seier Hilde Wisløff Nagell, sekretariatsleiar i Den nasjonale forskingsetiske komiteen for samfunnsvitskap og humaniora (NESH), ein del av Dei nasjonale forskingsetiske komiteane.

Det er ikkje tvil om at det har skjedd ting sidan den mykje omtala forskingsjukssaka herja norske medium. Dei forskingsetiske komiteane er vortne heimla i lov (Ot.prp. nr. 58). Samtidig vart det lovfesta å opprette eit organ for gransking av vitskapleg ærlegdom. Det er utarbeidd ein ny forskingskontrakt for oppdragsforsking, og i haust set komiteane i gang eit omfattande arbeid med å kartleggje korleis institusjonar og institutt innfører forskingsetikken i systema sine, kva som finst, og i kva grad dei tilbyr kurs og undervisning.

Obligatorisk opplæring

– Den nye lova understrekar institusjonane sitt eige ansvar for å handtere uetisk forsking, samtidig som ho òg understrekar at komiteane har ansvar for å førebyggje uetisk forsking, seier Nagell. – Sudbø-skandalen avdekte eit behov for å forplikte forskingsinstitusjonane til meir systematisk opplæring i forskingsetikk. Både når det gjeld å bevisstgjere kvar enkelt forskar og når det gjeld institusjonens eige ansvar, held ho fram.

Nagell ser på den komande prosessen som førebyggingsarbeid, slik at ein i neste omgang kan setje i gang tiltak for å styrkje etikkopplæringa.

– Målet vårt er at opplæring i forskingsetikk skal bli obligatorisk for alle studentar og forskarar. Når det gjeld forsking, er etikk ofte noko som kjem inn i biletet heilt på tampen av eit prosjekt. Dette vil vi gjere noko med. Forskarar treng å ha klarare retningslinjer i botnen før dei startar forskinga. Vi vil auke medvitet rundt etiske problemstillingar, og vi vil forplikte institusjonen til å gjere meir, seier Nagell.

Ingen etikkdomstol

Dei forskingsetiske komiteane si rolle er først og fremst å vere rådgivarar og skape kritisk debatt om forskinga både i forhold til framgangsmåtar og bruk av resultat.

– Vi er ingen etikkdomstol, understrekar Nagell. – Vi tek opp dei store tema, som: Kva med forsking på barn? Korleis førebyggje fusk? Kva med gjenbruk av data? Kva for omsyn bør institusjonar og enkeltforskarar ta når dei vurderer å forske på materiale der det hersker tvil om rettmessig eigar eller korleis materialet er innhenta? Vi har behov for eit nasjonalt organ som dreg opp saker og kan gi råd både til forskarar og forvaltning. Og, ikkje minst: Vi treng etiske retningslinjer, nokon som forvaltar dei og gjer synleg praksis.

Komiteane ønskjer òg å fungere som mellomledd mellom samfunn og forskar. Dette resulterer stadig i arrangement med stand-up-forskarar, frukostdebattar og cinematek-kveldar.

– Det er rett og slett snakk om etikk til folket?

– Vi ønskjer i alle fall at folk skal ha større medvit rundt etikk og den samfunnsrolla forskinga har, og her har vi funne eit nytt publikum, avsluttar Nagell.

Forskingsetisk sjekkliste

Den nasjonale forskingsetiske komiteen for naturvitskap og teknologi (NENT) har utarbeidd ei fempunkts sjekkliste for forskarar. Lista er uavhengig av fagområde og oppsummerer det komiteen reknar som viktigast å avklare i samband med eit forskingsprosjekt. Lista blir mellom anna brukt ved søknader om prosjektmidlar frå Forskingsrådet.

1 Mål og metode for prosjektet

Vil måla og metodane for prosjektet bryte med allment aksepterte verdisyn? Dette kan f.eks. gjelde dersom:

  • rosjektet bidreg til å auke kontroll og manipulering av enkeltindivid i samfunnet
  • det ikkje blir teke tilstrekkelege miljøomsyn
  • prosjektet har diskutable militære/forsvarsmessige implikasjonar
  • prosjektet bryt med norsk lov (f.eks. dyrevernlova eller forskrifter om biologiske forsøk)

2 Forsking der forsøkspersonar er involverte

Blir informert samtykke frå forsøkspersonane innhenta på ein forsvarleg måte?

Er det klart at det ikkje eksisterer avhengigheitsforhold som kan tenkjast å påverke samtykket frå forsøkspersonen?

3 Persondata

Blir alle persondata tilstrekkeleg anonymiserte slik at eit
adekvat personvern er sikra?

4 Risiko og sikkerheit

Kan sjølve gjennomføringa av prosjektet medføre skade på menneske, dyr eller natur av eit omfang som ikkje bør neglisjerast? Er i så fall dei impliserte personane innforstått med det?

5 Whistle-blowing

Vil ein prosjektmedarbeidar som får alvorlege forskingsetiske skruplar ved gjennomføringa av eit forskingsprosjekt, ha høve til å leggje desse fram for ein uavhengig høyringsinstans? Vil dette vere kjent og avklart på førehand?

NENT har per dags dato nye retningslinjer ute på høyring.

Den nasjonale forskingsetiske komiteen for samfunnsvitskap og humaniora (NESH) reviderte sine i fjor.

www.etikkom.no/retningslinjer

www.etikkom.no/retningslinjer/NESHretningslinjer

Dei nasjonale forskingsetiske komiteane

Forskingsetiske komitear er frittståande, uavhengige organ for forskingsetiske spørsmål innanfor alle fagområde. Komiteane vart oppretta i 1990 av det dåverande Utdannings- og forskingsdepartementet, og består av Den nasjonale forskingsetiske komiteen for medisin (NEM), Den nasjonale forskingsetiske komiteen for naturvitskap og teknologi (NENT) og Den nasjonale forskingsetiske komiteen for samfunnsvitskap og humaniora (NESH). Komiteane blir oppnemnde for tre år om gongen av departementet etter innstilling frå Noregs forskingsråd. Komiteane er ikkje eit forvaltningsorgan, og råd frå komiteane kan ikkje ankast. Ein kan likevel be om ei ny vurdering. Arbeidet til komiteane er ope for offentleg innsyn.

Granskingsutvalet

I juni 2006 vart Dei forskingsetiske komiteane heimla i lov, og samtidig vart det lovfesta at det skulle opprettast eit organ for gransking av vitskapleg ærlegdom. Utvalet skal arbeide på nasjonalt nivå. Det skal granske konkrete saker som det får lagt fram, eller ta opp saker på eige initiativ. Utvalet har ikkje myndigheit til å gjennomføre sanksjonar mot enkeltforskarar. Granskingsutvalet skal oppnemnast av Kunnskapsdepartementet. Sjå også kunnskapsminister Øystein Djupedals kronikk.

odin.dep.no/kd/norsk/dok/regpubl/otprp/070001-050004/dok-bn.html
(Ot.prp. nr. 58. Om lov om behandling av etikk og redelighet i forskning)

Ny kontrakt for oppdragsforsking

Kunnskapsdepartementet har no utarbeidd ein eigen standardkontrakt for oppdragsforsking, basert på eit forslag frå Dei nasjonale forskingsetiske komiteane. Kontrakten er først og fremst basert på eit ønske om meir openheit om forskinga og forskingsresultata. Offentleggjering av forskingsresultat og presisering av rettar til forskingsresultat er to sentrale punkt i kontraktmalen.

– Den standardavtalen som ofte blir brukt i dag, gir oppdragsgivar eigedoms- og opphavsrett til
forskingsresultata. Han seier ingenting om offentleggjering av resultata. Dette kan gi seg uheldige utslag. Mellom anna gir det oppdragsgivar ein sjanse til å leggje lokk på forskingsresultat som gir uønskte konklusjonar. Openheit om forskinga og resultat av henne er eit sentralt forskingsetisk prinsipp som
skal etterlevast, påpeikar kunnskapsminister
Øystein Djupedal i ein kronikk i avisa Nordlys.

www.odin.no/kd/norsk/aktuelt/nyheter/070021-210061/dok-bn.html

www.nordlys.no/debatt/ytring/article2206800.ece

Skriv ut siden