Bladet Forskning

Etikk på hjernen

«Glade folk, glade dyr og eksellent forsking.» Det er May-Britt Mosers motto for det nye SFF-senteret hennar, der etikken skal stå i høgsetet.

Skrevet av: siw ellen jakobsen

Foto: NTNU TILLIT: Dyra på Senter for nevrale nettverk har dyrepleiarar som elskar dyr, og dyra bur dessutan i stimulerande miljø. Her ser vi dyrepleiar Merethe Andresen. (Foto: NTNU) Hjerneforskarane frå Trondheim er no inne i den andre perioden sin som SFF. Senter for minneforsking er nedlagt, og Senter for nevrale nettverk har starta opp. No heiter senterleiaren May-Britt Moser, ikkje Edvard Moser.

Landskapet innanfor hjerneforsking har endra seg radikalt sidan ekteparet fekk nemninga SFF for første gong i 2002. No er det mogleg å stille spørsmål om korleis dei mest avanserte psykologiske funksjonane som tenking, minne og planlegging oppstår, og korleis dette skjer i samarbeid mellom store grupper av nerveceller – såkalla nevrale nettverk.

– I det førre senteret hadde vi som mål å forstå minne. No er perspektivet mykje breiare, vi ønskjer rett og slett å forstå korleis hjernen fungerer, og kva slags nevrale berekningar som ligg bak dei grunnleggjande psykologiske funksjonane. Kva skjer når vi tenkjer, lærer, planlegg?

Eit vindauge mot hjernen

Heilt fundamentalt for forskinga er Moser-paret og kollegaene si eiga sensasjonelle oppdaging i 2005 av gittercellene. Funnet blir rekna som det største som har skjedd innanfor nevrovitskap på fleire tiår, og blir ofte referert til i vitskaplege artiklar over heile verda.

– Då vi bevega oss inn i det inste av hjerneborken, der tenking og kognisjon ligg, kunne det verke som om alt berre var eit einaste kaos. Men så fann vi desse cellene som plutseleg gav nokre tydelege regulære signal, og som oppstod frå prosessar inne i hjernen sjølv, aktiviteten var altså ikkje eit resultat av ei ytre stimulering.

Sidan gittermønsteret er produsert av hjernen åleine, har desse cellene opna eit vindauge som gjer det mogleg å forstå mykje meir av hjernen. Han ligg no framfor dei og berre ventar på å bli forklart ytterlegare. Teknikkane som gjer det mogleg å studere samarbeidet mellom nerveceller, har etter kvart vorte avanserte. «Moserane», som dei blir kalla i Trondheim, kallar det ein revolusjon.

Er dette viktig nok til å ofre eit dyr?

– Ved å bruke mange nye metodar frå ulike fag kan vi no danne oss teoriar om korleis nervecellene i hjernen samarbeider.

I fjor tok dei eit nytt, stort skritt i forskinga. Då fann dei at gittercellene i hjernen utgjer ulike nettverk, eller kartmodular, som minnet blir koda inn på. Gittercellene i kvar modul sender signal vidare til hippocampus, som er sjølve biblioteket for minnet vårt.

– Hjernen bruker denne stadsansen, som sannsynlegvis utviklar seg veldig tidleg, til å lage masse kombinasjonar av aktivitetar. Kvar kombinasjon er eit minne.

Dette tyder på at stadsansen kan vere «mor» til minnet.

– Vi veit jo av erfaring at den beste måten å hugse på er å bruke stadsansen. Når du hugsar møtet med ein person, hugsar du også kvar de møttest. Når du skal skilje mellom jula 1998 og jula 1999, må du knyte minna til ein stad.

Oppdaginga, som resulterte i ein stor artikkel i Nature i desember 2012, gir ei mogleg forklaring på korleis hjernen kan ha så enorm kapasitet til å hugse.

– Men framleis er det mange spørsmål vi ikkje har funne svar på, seier dei to.

Må tenkje som barn

På spørsmål om dei ventar nye, store oppdagingar dei neste åra, er svaret:

Metoden vår er å tenkje som eit barn.

– Til no har det vore heilt umogleg å føreseie kva som skulle skje i forskinga vår. Metoden vår er å tenkje som eit barn, med eit ope og nysgjerrig sinn. Vi har hypotesar, men vi er ikkje bundne til dei. Og vi eksponerer oss heile tida for ting utanfor vårt eige fagfelt. No er vi fem forskingsleiarar. I tillegg til oss to er det éin innanfor molekylærbiologi, éin innanfor anatomi og éin innanfor teoretisk fysikk. Når vi no skal rekruttere ein gruppeleiar til, skal det vere innanfor eit heilt anna og komplementært felt. For eksempel genetikk i bananfluger. Slik kan vi lære endå meir nytt.

Unik moglegheit

Foto: Bolek Srebro May-Britt Moser (Foto: Bolek Srebro) – Vi har fått ei unik moglegheit til å drive langsiktig og risikoprega forsking, mykje takka vere SFF-ordninga, seier ekteparet. Dei fortel at det vekkjer oppsikt ute i verda at dei har ei så langvarig og god finansiering. I tillegg til å vere ein SFF for andre gong er dei også det einaste Kavliinstituttet i Noreg, med The Kavli Foundation i ryggen.

– Dette er utan tvil unikt og gir oss ein heilt spesiell posisjon internasjonalt. Her samlar dei beste forskarane og ph.d.-studentane i verda seg, takka vere statusen vi har. Det gjer at vi kan ha is i magen og ta lange skritt i forskinga. Og ikkje publisere før vi kan setje funna våre i ein større, teoretisk samanheng.

– Hadde vi vorte målte i talet på publiserte artiklar, hadde vi fått stryk. Men spør du oss om vi har gode forskingshistorier å fortelje, så har vi mange, seier May-Britt.

Stort etisk ansvar

Det er mange forventningar knytte til dei. Dette er dei to forskarane klar over.

– Vi føler at vi har ansvar for å forvalte desse verdiane så godt vi kan. Vi kan betale tilbake med å gjere viktige oppdagingar. Vi skal også gi noko tilbake ved å byggje opp framtidige forskarar innanfor nevroforsking, både nasjonalt og internasjonalt, og drive opplæring på alle nivå. Vi kan koste på oss å trene folk til å bli dyktige forskarar som set etikken høgt.

Moserane ønskjer å ta godt vare på alle som jobbar på senteret. Det same gjeld dyra dei arbeider med: Dyra har dyrepassarar som elskar dyr, og dei bur i stimulerande miljø, dei er glade og tillitsfulle. May-Britt og Edvard Moser meiner sjølv dei er heldige som har personell som legg si ære i arbeidet, frå det lågaste til det høgaste nivået.

– For kvart einaste dyr vi bruker i forskinga vår, skal følgjande problemstilling vere gjennomdiskutert: Er dette viktig nok til å ofre eit dyr?, seier May-Britt Moser.

Den nybakte SFF-leiaren er fødd og oppvaksen i eit ytremisjonsmiljø på Sunnmøre. Misjonering fekk ho inn med morsmjølka.

– Det ligg meg derfor nær å drive opplæring, seier ho og ler.

 

Senter for nevrale nettverk/Centre for Neural Computation (CNC)

  • Mål: Å forstå dei grunnleggjande, nevrale mekanismane i hjernen.
  • Senterleiar: May-Britt Moser
  • Årleg løyving frå Forskingsrådet: 17,5 millionar kroner
  • Talet på årsverk: 80
  • Talet på planlagde doktorgradar: 28 ph.d., 35 postdokar innan 2022
www.ntnu.edu/kavli/

 

 

Skriv ut siden