Bladet Forskning

Altfor lite til forsking

I regjeringa sitt framlegg til statsbudsjett for 2005 er det hoppa bukk over både kvalitet, rekruttering og vitskapleg utstyr.

Arvid Hallén (Foto: Eva Brænd)

Mellom gjengangarane denne redaksjonen har når det gjeld føde til korrekturlesaren, er «stasbudsjettet». Det budsjettet er ikkje alltid så stas. Den delen av statsbudsjettet som skal gå til forsking, har teikna bra dei siste par åra, men i budsjettframlegget frå regjeringa for 2005 (St.prp. nr. 1 (2004–2005)) er det ikkje stasleg.

I fleire år har det vore ein uttalt politisk ambisjon at Noregs investeringar i forsking og utvikling (FoU) skal opp på gjennomsnittleg OECD-nivå innan 2005. No er det for seint. I budsjettframlegget frå regjeringa for 2005 er det ein vekst på 374 millionar kroner – eller 2,7 prosent – til forsking. Dersom ein tek utgangspunkt i at NIFUSTEP har vurdert pris- og lønnsvekst i forskinga til 3,2 prosent, inneber framlegget ein realnedgang. Dei totale investeringane i fors-
king blir liggjande på ca. 1,8 prosent av bruttonasjonalproduktet, mens OECD-gjennomsnittet er 2,33 prosent. I Forskingsrådet er det likevel eit optimistisk håp om at dette ikkje betyr ei kursendring, men at det er eit kvileskjer medan ein ventar på den nye forskingsmeldinga.

Noko er bra

– Sjølv om framlegget for 2005 er eit nullvekstbudsjett for forskinga, er fleire av prioriteringane i samsvar med sentrale tilrådingar frå Forskingsrådet, seier konstituert administrerande direktør Arvid Hallén. Han nemner auken til petroleumsretta forsking og auka midlar til samfinansiering av EU-prosjekt (sjå faktaboks) som positive framlegg. – Dette er vi glade for. Men samtidig er det viktige tiltak som ikkje blir følgde opp. Det gjeld særleg målretta satsingar på kvalitet i forskinga, styrkt forskarrekruttering, investeringar i vitskapleg utstyr og auka satsing på næringsretta forsking.

Utdannings- og forskingsdepartementet finansierer i hovudsak langsiktig grunnleggjande forsking. For 2005 er det føreslått ein større reduksjon, og grunngivinga er at tippemidlar ikkje lenger går til finansiering av forsking. I fjor var noko av løyvinga karakterisert som «eingongsmidlar» for å erstatte bortfall av tippemidlar. Men kuttet er på heile 215 millionar kroner. Forskingsrådet meiner dette vil få store negative konsekvensar for forskingsmiljøa.

Innsatsen frå næringslivet

– I Noreg investerer næringslivet for lite i forsking; litt over halvparten av dei samla investeringane i landet. I fleire OECD-land finansierer næringslivet meir enn to tredeler av den totale innsatsen, fortel Hallén. – I desse landa ser vi ein tydeleg positiv samanheng mellom næringslivet sin forskingsinnsats og offentlege bidrag til forsking.

Sjølv om offentleg finansiert forsking i Noreg ligg over OECD-snittet (0,16 prosentpoeng over OECD-snittet for 2002), bruker vi mindre enn land som Sverige, Finland, USA og Tyskland. Innsatsen har vore under opptrapping dei siste åra. Ein vidare vekst ville ført oss på nivå med dei andre landa og gitt grunnlag for auka investeringar i forsking frå næringslivet, seier han.

Om budsjettet på Forskingsrådet sin nettstad:
www.forskningsradet.no

Statsbudsjettet ligg på odin.dep.no/odin/norsk/publ/ budsjett/bud2005

NIFUSTEPs statsbudsjettanalyse (om forsking og høgare utdanning) finn du på www.nifustep.no

Nokre tal

  • Endring i forhold til 2004: + 2,7 prosent
  • Budsjett Forskingsrådet: 4,47 milliardar kroner
  • Endring i forhold til 2004: - 0,8 prosent
  • Auke på 113 millionar kroner til petroleumsretta
    forsking (av dei går 110 millionar til Forskingsrådet
    sitt program PETROMAKS)
  • Auke på 24 millionar kroner til brukarstyrt forsking
    og 10 millionar til RENERGI-programmet
  • Auke til internasjonalisering: 10 millionar til
    bilateralt samarbeid med Nord-Amerika og 50 millionar til auka samfinansiering i EUs rammeprogram
  • Auke på 25 millionar kroner til internasjonal landbruksforsking (utanfor budsjettet til Forskingsrådet)
  • Auke av Forskingsfondet med 3,2 milliardar kroner til 36 milliardar. Det er ikkje klargjort korleis auken
    blir fordelt.

Forskingsrådet om regjeringa sitt framlegg til statsbudsjett 2005

Budsjettframlegget inneber ei reell svekking av norsk forsking. Stortinget sitt mål om opptrapping for å nå OECD-nivået i 2005 blir ikkje nådd. Det blir ikkje gitt tilstrekkeleg stimulans for forsking i næringslivet, og den langsiktige grunnleggjande forskinga får ein uheldig reduksjon.

Forskingsrådet meiner det er
behov for budsjettaukar, og då særleg for å sikre:

  • vidare målretta satsing på kvalitet i norsk forsking
  • sterkare auke i forskarrekrutteringa i tråd med Stortinget sine føresetnader
  • styrking av næringsretta forsking
  • vidareføring av temaprioriteringane i Forskingsmeldinga.

 

Skriv ut siden