Helsearbeider som foretar en måling med mobiltelefonen
Webinar

Søkjarwebinar om Pilot Helse forprosjekt og hovudutlysing

Passer for:

Potensielle søkjarar og samarbeidspartnarar til Pilot Helse-utlysinga

Pris:

Gratis

Påmeldingsfrist:

13. juni kl. 12:00

Digitalt:

Arrangementet strømmes og opptak blir tilgjengelig

Om arrangementet

Pilot Helse gir verksemder i offentleg sektor og bedrifter støtte til ambisiøse og krevjande innovasjonsløp saman med andre relevante samfunnsaktørar. I Pilot Helse-utlysinga kan de søkja om midlar til forprosjekt.

Desse verksemdene kan søkja om forprosjektmidlar:

  • verksemder i offentleg sektor som er registrert med organisasjonsnummer i Noreg. Sjå definisjon av offentleg sektor.
  • bedrifter som er registrerte i det norske føretaksregisteret og har økonomisk aktivitet i Noreg. Enkeltmannsføretak kan ikkje søkja.

Me vurderer at det skal vera eit krav om løyvd forprosjekt for å kunna søkja hovudprosjekt. 

Dette søkjarwebinaret vil gi potensielle søkjarar og samarbeidspartnarar dei beste føresetnadene for å søkje om midlar i Pilot Helse-ordninga. Målet for prosjekta som får støtte er å utvikla gode løysingar som når raskara ut til pasientar og innbyggjarar. Løysingane må vere innovative, bidra til auka berekraft i helse- og omsorgstenestene og kunne retta seg mot ein internasjonal marknad. Helsetenestenes og behova i helseindustrien er likeverdige for ordninga Pilot Helse og må derfor vera likeverdig representerte i prosjekta.

Nettsida til Pilot Helse.
Utlysingsteksten til Pilot Helse.
Presentasjonen på Pilot Helse søkjarwebinar 2024.

 

Kontakt oss

Meldinger ved utskriftstidspunkt 12. november 2024, kl. 20.28 CET

Viktig informasjon

Til utlysingane med søknadsfrist 13. november betener vi vakttelefonen +47 22 03 72 00 måndag 11. november og tysdag 12. november kl. 08.00–15.45 og onsdag 13. november kl. 08.00–13.00.