Innspelsmøte om porteføljeplan for innovasjon
- Passer for:
Forskingsinstitusjonar, næringsliv og offentleg sektor
- Pris:
Gratis
- Digitalt:
Arrangementet strømmes
Om arrangementet
Vi fekk ti nye porteføljestyre ved starten av 2024, som har arbeidd med nye porteføljeplanar.
Vi inviterer til å gi innspel på utkast til porteføljeplan for innovasjon.
Porteføljeplanane er styringsdokument som skal bidra til føreseielegheit for både søkjarar og finansierande departement. Dei er korte og overordna, og blir konkretiserte i ein investeringsplan som blir oppdatert årleg.
I møtet vil vi gjennomgå mål, prioriteringar og tiltak i utkastet til porteføljeplan. Måla følgjer opp Langtidsplanen for forsking og høgare utdanning, Regjeringa sine mål for Forskingsrådet og strategien vår. Dei viser korleis porteføljestyra, kvar for seg og samla, skal setje i verk desse måla. Prioriteringar og tiltak viser korleis porteføljestyret vil prioritere innanfor handlingsrommet sitt.
Deltakarane vil få høve til å gi innspel på planane i møtet.
Utkast til porteføljeplan for innovasjon.
Planen vil bli lagt fram for Forskingsrådets styre 05.12.24
Les på nettsida vår om Portefølje for innovasjon.
Kontakt
Meldinger ved utskriftstidspunkt 7. desember 2024, kl. 16.15 CET