Helseinnovasjonskonferansen 2023
- Pris:
Konferansebillett: 750 kr, Stand: 300 kr, Fulltidsstudent: gratis
- Digitalt:
Arrangementet strømmes
Om arrangementet
Kva er Helseinnovasjonskonferansen?
Helseinnovasjonskonferansen er ein tverrfagleg møteplass for alle med interesse for innovasjon og verdiskaping i helsesektoren. Målet med konferansen er å bidra til meir kompetansedeling, nettverksbygging og tverrfagleg samarbeid for å auke innovasjon i helsesektoren.
For kven?
Konferansen er for alle med interesse for helseinnovasjon; Helsesektor, næringsliv, akademia, gründarar, studentar, forvalting, kommunesektor, politikarar, investorar og verkemiddelapparatet.
Møt oss på digital stand
Forskningsrådet stiller med rådgjevarar på digital stand. Send oss gjerne spørsmål i chatten eller book eit videomøte dersom du har spørsmål om Forskingsrådet sine verkemiddel, Horisont Europa, eller har ein idé til ein helseinnovasjon du vil diskutere med oss. Vi tar gjerne ein prat om korleis rigge eit innovasjonsprosjekt med FoU-innhald, og kan gi tips om korleis du kan involvere brukarar i prosjektet. Du møter:
- Anila Nauni, seniorrådgjevar. Innovasjon i offentleg sektor. Pilot-ansvarleg for EU-prosjektet PRO-Ethics om etisk rammeverk for brukarinvolvering i forsking og innovasjon, som omfattar open forsking, folkeforsking og brukarmedverknad.
- Margarethe Biong, seniorrådgjevar. Innovasjon i helsenæringa. Nasjonal kontaktpunkt (NCP) for Helseklynga i Horisont Europa, samt for den internasjonale helsepartnarskapen Innovative Health Initiative (IHI).
- Merete Lunde, spesialrådgjevar. Skattefunn. Kontaktperson og regionansvarleg Vestland.
Om programmet
Her er nokre tema frå programmet i år:
- Framtidas helsetenester – innovasjonskraft i samarbeid
- Kompetansebygging og helsepersonell som innovasjonsressurs
- Teknologi for betre helsetenester
- Datadriven innovasjon – bruk av helsedata
- Helsenæring og internasjonalisering
- Sømløse overgangar mellom tenesteledd - Helsefellesskap
Sjå fullstendig program for Helseinnovasjonskonferansen 2023.
Konferansen mottek arrangementsstøtte av Forskingsrådet og blir arrangert av Helse Førde i samarbeid med E-helse Vestland, Norwegian Smart Care Cluster, Høgskulen på Vestlandet, Sunnfjord Utvikling, Innovasjon Norge, NHO, KS, Kunnskapsparken Vestland og Forskingsrådet.
Meldinger ved utskriftstidspunkt 6. juni 2023, 09:23 CEST