Møte

Open digital kafé: På tvers av fag i EU-søknaden til klyngje 6 – ei utfordring for norske aktørar?

Passer for:

Forskarar, bedrifter, offentleg sektor, interesseorganisasjonar, prosjektkoordinatorar, søkjarar, alle som er interesserte i tverrfagleg samarbeid

Påmeldingsfrist:

03. nov kl 08:00

Digitalt:

Arrangementet strømmes

03. nov kl 09:00 – 10:00

Om arrangementet

Samarbeid på tvers av fag blir stadig viktigare i Horisont Europa. Under dette webinaret stiller vi spørsmålet: Korleis sørgjer vi for at vi faktisk samarbeider og ikkje berre snakkar forbi kvarandre? 

Europakommisjonen er tydeleg på at involvering av samfunnsvitskap og humaniora er viktig når vi skal løyse dei store samfunnsutfordringane knytt til mat, bioøkonomi, miljø, landbruk og bruk av naturressursar.

Ein føresetnad for å lykkast er at brukarar og andre involverte partar er med heilt frå starten av prosjektet.

Korleis kan vi få til denne integreringa? Egil Petter Stræte, samfunnsvitar og seniorforskar ved Ruralis innleier med erfaringar han har gjort seg frå søknader og prosjekt i EU. La oss dele spørsmål, tankar og erfaringar rundt tverrfagleg samarbeid over ein kopp kaffi.

Vi ønskjer forskarar, EU-rådgivarar, offentlege aktørar, næringsliv og andre som synest dette er ei interessant problemstilling velkommen til møtet. Arrangementet er eit samarbeid mellom: Klyngje 6 (Mat, bioøkonomi, naturressursar, landbruk og miljø) og klyngje 2 (Kultur, kreativitet og inkluderande samfunn).  

Kontaktperson

Gudrun Langthaler

    SpesialrådgiverMat og bioøkonomi

Siv Haugan

    SpesialrådgiverVelferd og utdanning

Meldinger ved utskriftstidspunkt 7. desember 2023, 21:01 CET

Det ble ikke vist noen globale meldinger eller andre viktige meldinger da dette dokumentet ble skrevet ut.