15. feb

Søkjarwebinar: INTPART Internasjonale partnarskap for framifrå utdanning, forsking og innovasjon

Når:

15. februar 2022 kl 10.00 - 12.00

Arrangementstype:

Seminar

Passer for:

Norske universitet, høgskolar og andre forskingsorganisasjonar som vil søkje midlar til internasjonalt samarbeid

kamera 1,5 pxArrangementet strømmes
Meld deg på

Om arrangementet

INTPART støttar etablering av internasjonale partnarskap for framifrå utdanning, forsking og innovasjon og er samadministrert av Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir) og Forskingsrådet.

Formålet med utlysinga er å utvikle verdsleiande fagmiljø i Noreg gjennom langsiktig internasjonalt institusjonelt samarbeid.

Delmåla for INTPART er:

  • Varige internasjonale partnarskap som aukar kvaliteten på høgare utdanning og forsking i Noreg
  • Gode koplingar mellom høgare utdanning og forsking
  • Samarbeid med arbeids- og næringsliv for auka kvalitet og relevans

Målgruppa for webinaret er norske universitet, høgskolar og andre forskingsorganisasjonar som vil søkje midlar til samarbeid med partnarar i Brasil, Canada, Frankrike, India, Japan, Kina, Russland, Sør-Afrika, Sør-Korea, Tyskland og USA.

Du vil få informasjon om programmet og årets utlysing, samt rettleiing og tips til søknadsskrivinga.

Kontaktpersoner

Merethe Sandberg

    SpesialrådgiverDemokrati og internasjonale relasjoner

Herdis Kolle

    Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir)

Meldinger ved utskriftstidspunkt 6. oktober 2022, 18.04 CEST

Det ble ikke vist noen globale meldinger eller andre viktige meldinger da dette dokumentet ble skrevet ut.