SkatteFUNN-kurs på Skei
- Hvor:
Thon hotell, Jølster, 6841 Skei, Vestland
- Passer for:
Bedrifter og samarbeidspartnere som planlegger FoU-prosjekter i forbindelse med utvikling av nye eller forbedrede varer, tjenester og produksjonsprosesser
- Pris:
Gratis
- Påmeldingsfrist:
16. juni kl. 12.00
Om arrangementet
Har bedrifta di planar om å utvikle eit nytt produkt, teneste eller produksjonsprosess? Lurer du på om SkatteFUNN er noko for di bedrift, eller er du i gang med ein søknad? Kom på SkatteFUNN-kurset på Skei 17. juni. Vi kan hjelpe til på vegen frå ein spenstig idé til verdiskapande resultat. Med SkatteFUNN får du 19% skattefrådrag av prosjektkostnadane.
På kurset får du informasjon om kva bedrifta kan få økonomisk støtte til gjennom SkatteFUNN, og kva du må leggje vekt på i søknaden for å få godkjent prosjektet.
Vetle Ottersen i Bano-gruppen fortel om erfaringar med bruk av SkatteFUNN i Bano og Strukturplast på Sandane. Dei har over 10 års erfaring med bruk av SkatteFUNN og andre støtteordningar for forsking og innovasjon i næringslivet.
Etter lunsj vert det praktisk arbeid med søknadsskjemaet og rettleiing frå rådgjevarar frå Forskningsrådet som til dagleg sakshandsamar SkatteFUNN-søknadar. Avtal gjerne eit ein-til-ein møte med ein rådgjevar i påmeldingsskjemaet. Rådgjevarar frå Innovasjon Norge er også tilgjengelege for ein prat om prosjekt og andre støtteordningar.
Førebuingar til samtalar
Prosjektkanvas er Forskingsrådets verktøy for å ta deg frå idé til FoU-prosjekt. Du kan bruke Prosjektkanvas til å utvikle og forbetre prosjektideen din. Verktøyet er godt eigna for dialog med aktørar som er involverte i prosjektet og til å diskutere prosjektideen med Forskingsrådets rådgivarar.
Les meir om Prosjektkanvas og last ned malar
Oversikt over alle SkatteFUNN-kursa
SkatteFUNN-kurs arrangerast over heile landet frå april til juni. Sjå oversikta over alle SkatteFUNN-kursa.
Program
Kaffien står klar
Velkommen
SkatteFUNN - Kva og korleis?
-
Om SkatteFUNN
-
Kriterier for godkjenning
-
Kva aktivitetar kan bli finansiert?
-
Vanlege årsaker til avslag – kva må du passe på?
-
Gjennomføring og rapportering
Forsking og innovasjon i praksis. Erfaringar med SkatteFUNN i Bano og Strukturplast v/Vetle Ottersen, konserndirektør FoU, i Bano-gruppen
Lunsj
Slik kjem du i gang
- Innlogging og oppretting av søknad
- Søknadsskjema
Skriveverkstad og ein-til-ein møter med rådgjevarar
Her får du rettleiing til arbeidet med din søknad.
Oppsummering og vel heim!
Slutt
Kontaktperson
Meldinger ved utskriftstidspunkt 1. juni 2023, 17:47 CEST
IT-feil Skattefunn
Har du fått e-post om at prosjektet ditt til SkatteFUNN er trukket? Dette skyldes en IT-feil. Vi beklager dette og jobber med å rette opp i feilen.