Panorama-webinar: Prosjektsamarbeid med Sør-Korea - utlysingar og erfaringar
- Passer for:
Forelesere, forskere, prosjektledere, rådgivere
- Digitalt:
Arrangementet strømmes og opptak blir tilgjengelig
Om arrangementet
Sør-Korea blei nyleg inkludert i Panoramastrategien som eit av Noreg sine prioriterte samarbeidsland utanfor Europa. Det er store forventingar til samarbeid innan utdanning, forsking og innovasjon.
Målgruppa for webinaret er utdanningsinstitusjonar og fagmiljø som enten har pågåande samarbeid eller ønsker å etablere samarbeid med Sør-Korea. Representantar frå norsk næringsliv kan og ha nytte av webinaret, spesielt om dei ønsker å kartlegge mogelegheiter for eit tettare samarbeid med akademia om eksempelvis praksissamarbeid eller involvering i utforming av utdanningstilbod og forskingsprosjekt.
I dette webinaret ser vi nærmare mogelegheiter for og erfaringar med å kople utdannings- og forskingssamarbeid med Sør-Korea.
Vi vil informere om utlysingar hos Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse og Forskningsrådet, og på finansieringsmuligheter for norske partnarar hos National Research Foundation i Sør-Korea.
Se utlysning: INTPART Internasjonale partnerskap for fremragende utdanning, forskning og innovasjon
Les mer om Panoramastrategien hos regjeringen.no
Som vår nest største handelspartnar i Asia, og Norge sin femte største marknad, byr Sør-Korea på markedsmuligheter innen maritim og marin sektor, fornybar energi/hydrogen, helse og helseteknologi og smarte samfunn. Landet er eitt av dei landa i verda som investerer størst andel av BNP i utdanning, forsking og innovasjon og anses av fleire internasjonale rankinger som et av verdens aller mest innovative land.
Webinaret arrangeres av Forskningsrådet og HKdir i samarbeid med Innovasjon Norge.
Program
Presentasjon om aktuelle utlysingar frå Forskningsrådet og Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse
v/seniorrådgjevar Unni Kvernhusvik Sagberg
Last ned presentasjon: Prosjektsamarbeid med Sør-Korea - utlysingar og erfaringar (pdf)
Presentasjon om aktuelle utlysingar i Korea: NRF Korea-Nordic R&D Network Program
v/Jong-Deok Kim, Direktør for utdanning og internasjonalt samarbeid, National Research Foundation of Korea
Last ned presentasjon: Policy Mechanisms for Korea-Nordic/EU R&D Collaborations (pdf)
Forsknings og utdanningssamarbeid med Korea knyttet til viktige felles satsingsområder for næringslivet
v/avdelingsleiar Svein Grandum, Innovasjon Norge Sør-Korea
Paneldiskusjon: Korleis sette i gang prosjektsamarbeid med Sør-Korea – erfaringar frå ulike prosjektleiarar i Noreg
- Graham Gilbert, Norwegian Geotechnical Institute
- Andrej Kuznetsov, University of Oslo Andrej Kuznetsov
- Masoud Naseri, Arctic University of Tromsø
- Øyvind Paasche, University of Bergen
Slutt
Kontaktpersoner
Meldinger ved utskriftstidspunkt 4. februar 2023, 06.12 CET
Viktig informasjon
Til utlysingane med søknadsfrist 8. februar betener vi vakttelefonen +47 22 03 72 00 torsdag 2. februar til tysdag 7. februar kl. 08.00–15.45 og onsdag 8. februar kl. 08.00–13.00.