Kunnskap i bruk
- Hvor:
Digitalt og Auditorium Moser, Forskingsrådet, Drammensveien 288
- Passer for:
Dei som bestiller og treng systematiske kunnskapsoppsummeringar. Forskingsmiljø, bibliotek, konsulentselskap og andre som tilbyr seg å produsere slike oppsummeringar.
- Digitalt:
Arrangementet strømmes
Om arrangementet
Norsk nettverk for systematiske kunnskapsoppsummeringar (NORNESK) arrangerer ein årleg konferanse i tilknyting til årsmøtet sitt. Årets konferanse er eit samarbeid med oss i Forskingsrådet og blir halde i lokala våre på Lysaker i Oslo. Det blir også høve å følgje strøyming av konferansen.
I år bidrar blant anna Kristin Halvorsen, Camilla Stoltenberg, Elaine Munthe og Jesper Werdelin Simonsen på konferansen.
NORNESK er eit uavhengig, nasjonalt nettverk på tvers av sektorar. Nettverket skal arbeide for å fremje etterspurnaden etter, produksjonen av og bruken av systematiske kunnskapsoppsummeringar innan alle fagområde og vitskaplege disiplinar.
Nettverket skal slik bidra til at både tenester, forsking og utdanning, og politiske avgjerder i alle sektorane er velinformerte og baserte på den beste tilgjengelege forskingsbaserte kunnskapen.
Nettverket skal vere eit nasjonalt knutepunkt, og skape ei plattform der medlemmer kan dele erfaringar, ressursar og innovative idéar på tvers av sektorar, fagfelt og disiplinar – og der tilbydarar møter brukarar.
Konferansen passar for alle som er opptatte av at forskingsbasert kunnskap skal takast i bruk i forvaltning og politikk. Konferansen er både for dei som bestiller og treng systematiske kunnskapsoppsummeringar og forskingsmiljø, bibliotek, konsulentselskap og andre som tilbyr seg å produsere slike oppsummeringar.
Desse bidrar
Elaine Munthe
SenterleiarNORNESK
Elaine Munthe er professor i pedagogikk og senterleiar ved Kunnskapssenter for utdanning (*KSU) ved Universitetet i Stavanger. Munthe har vore styreleiar i NORNESK sidan 2021.
Camilla Stoltenberg
Direktør
Camilla Stoltenberg er lege og forskar. Ho har vore direktør for Folkehelseinstituttet (FHI) sidan 2012 og vore tilsett ved FHI sidan 2001. Ho blei i 2011 professor II i samfunnsmedisin ved Universitetet i Bergen.
Kristin Halvorsen
Direktør
Kristin Halvorsen var kunnskapsminister i den raudgrøne regjeringa 2009–2013 og finansminister 2005–2009. Halvorsen var partileiar i SV 1997–2012 og valt inn på Stortinget frå Oslo 1989-2013. Frå 2014 er ho direktør i CICERO Senter for klimaforsking. Ho er styreleiar i Forskingsrådet.
Jeremy Grimshaw
ProfessorOttawa Hospital Research Institute
Jeremy Grimshaw er professor i medisin ved Ottawa Hospital Research Institute. Han er styreleiar i Campbell Collaboration og har den prestisjetunge tittelen Tier 1 Canada Research Chair i Health Knowledge Transfer and Uptake.
Jan Minx
ProfessorUniversity of Leeds
Jan Minx jobbar som professor i klimaendringar og offentleg politikk ved University of Leeds. Han har blant anna vore koordinerande forfattar for eit kapittel i den 6. IPPC-rapporten. Han forskar på klima-, miljø- og berekraftspolitikk, med fokus innovative metodar for å utvikle kunnskapsoppsummeringar på grunnlag av store volum av materiale og bruk av syntesar som grunnlag for politikkutforming.
Andrew David Oxman
ForskingsleiarFolkehelseinstituttet
Andrew David Oxman er forskingsleiar ved CEIR – Centre for Epidemic Interventions Research ved Folkehelseinstituttet (FHI). Forskinga hans har fokusert på måtar å hjelpe folk til å ta informerte helseavgjerder. Hans noverande forsking fokuserer på å setje folk betre i stand til å tenkje kritisk om helseval, formidling av evidensbasert informasjon om effektar og deltakande demokrati.
Program
Rom: Auditorium Moser i Forskingsrådet
Årsmøte i NORNESK
Lunsj og mingling
Plenum 1: Behovet for systematiske kunnskapsoppsummeringar
Møteleiar: Emma Norbø, postdoktor, Noregs miljø- og biovitskaplege universitet (NMBU)
Velkommen
Elaine Munthe, Styreleiar i NORNESK og Senterleiar ved Kunnskapssenter for utdanning (KSU)
Opning
Mari Sundli Tveit, administrerande direktør i Forskingsrådet
Behovet for systematiske kunnskapsoppsummeringar på helseområdet
Camilla Stoltenberg, direktør for Folkehelseinstituttet (FHI)
Kan fleire syntesar gi raskare veg frå forsking til avgjerdstakarar?
Kristin Halvorsen, direktør for CICERO, Senter for klimaforsking
Spørsmål og samtale (Slido)
Kaffi og lett servering
Plenum 2: Frå utvikling av kunnskap til kunnskap i bruk
Møteleiar: Hans Lund, professor, Høgskulen på Vestlandet
Learning on climate solutions: evidence-based decision-making to stop global warming
Jan Minx
Forsking, kommunikasjon, deltaking og kritisk tenking: hjørnesteinane i gode avgjerder
Andrew Oxman, Folkehelseinstituttet
Spørsmål og samtale (Slido)
Panelsamtale
Panelleiar: Kristen Ulstein, spesialrådgivar, Noregs forskingsråd
Panel: Andrew Oxman, Folkehelseinstituttet (FHI)
Anne Marie Solbu Kleiven, Utdanningsdirektoratet (UDIR)
Dag Aksnes, Nordisk instiutt for studier av forskning, innovasjon og utdanning (NIFU)
Tone Westlie, Arbeids- og inkluderingsdepartementet (AID)
Avslutning og vidare planar
Elaine Munthe, Styreleiar i NORNESK og Senterleiar ved Kunnskapssenter for utdanning (KSU)
Slutt
Meldinger ved utskriftstidspunkt 3. juni 2023, 04:32 CEST
IT-feil Skattefunn
Har du fått e-post om at prosjektet ditt til SkatteFUNN er trukket? Dette skyldes en IT-feil. Vi beklager dette og jobber med å rette opp i feilen.