02. feb - 03. feb

Helseinnovasjonskonferansen 2022

Når:

2. februar 2022 11.30 - 3. februar 2022 13.00

Arrangementstype:

Konferanse

Passer for:

Helsesektor, næringsliv, akademia, studentar, forvalting, kommunesektor, politikarar, investorar, verkemeddelapparatet

Pris:

550 kr (gratis for studentar)

Påmeldingsfrist:

1. februar kl. 12

kamera 1,5 pxArrangementet strømmes

Om arrangementet

Helseinnovasjonskonferansen er ein tverrfagleg møteplass på tvers av sektorar, og for alle med interesse for innovasjon i helsesektoren.

Programmet består av spennande foredrag frå både privat og offentleg sektor, akademia, verkemiddelapparatet, investormiljø og gründarar. I tillegg vert det aktuelle paneldebattar, videopitching av innovasjonar, og ein stor digital utstilling med nytenkande bedrifter.

Den digitale plattforma opnar for aktiv deltaking i diskusjonstrådar og debattar, samt gode moglegheiter for mingling og nettverksbygging med både folk og bedrifter. På dag to vil ein òg kunne booke speed-dating med ulike aktørar frå verkemiddelapparatet. Frå Forskningsrådet møter du Margarethe Biong, Sofia Anderholm Strand og Merete Lunde.

Målet med konferansen er å bidra til meir kompetansedeling, nettverksbygging og tverrfagleg samarbeid for å auke innovasjon i helsesektoren.

For fullt program og påmelding, sjå Helseinnovasjonskonferansen - Samarbeid om nye løysingar for helsesektoren.

Konferansen mottek finansiering av Forskingsrådet og blir arrangert av Helse Førde og E-helse Vestland, i samarbeid med Norwegian Smart Care Cluster, Høgskulen på Vestlandet, Sunnfjord Utvikling, Innovasjon Norge, NHO, KS, Kunnskapsparken Vestland og Forskingsrådet.

Kontaktperson

Merete Lunde

Meldinger ved utskriftstidspunkt 18. januar 2022, 21.04 CET

Det ble ikke vist noen globale meldinger eller andre viktige meldinger da dette dokumentet ble skrevet ut.