Kurs

Digital prosjektverkstad - Vestland

Passer for:

Bedrifter og offentleg sektor i Vestland og deira FoU-samarbeidspartnarar

Påmeldingsfrist:

15. juni 2022 kl. 15.00

21. jun 2022 kl 11:00 – 15:00
Meld deg på

Om arrangementet

Prosjektverkstaden er eit tilbod til aktørar i Vestland som vil lære meir om å strukturere og planlegge eit forskings- og innovasjonsprosjekt i næringsliv eller i offentleg sektor. I forkant av prosjektverkstaden vil det vere eit kort informasjonsmøte om aktuelle finansieringsmoglegheiter for FoU-prosjekt.

Kurset vil vere nyttig ved søknader til Regionalt forskingsfond Vestland eller Forskningsrådet om innovasjonsprosjekt i næringsliv eller i offentleg sektor.

Meir om arrangementet

Prosjektverkstaden består av to delar: sjølve kurset og eit tilbod om individuell samtale med ein rådgjevar.

Del 1 Kurs: Gjennom eksempel lærer du om korleis få fram kva sentrale oppgåver prosjektet skal løyse og korleis planlegge arbeidet. Du vil få råd om korleis strukturere opp eit prosjekt.

Del 2 Individuell samtale: Har verksemda di ein konkret prosjektidé du vil diskutere, og ønskjer råd og rettleiing om? Vi stiller med rådgjevarar med god kompetanse på forskings- og innovasjonsprosjekt i næringsliv og offentleg sektor. Meld frå i påmeldingsskjemaet for å avtale eit slikt møte. Andre som skal delta i prosjektet kan også vere med i desse møta.

Arrangementet er digitalt og gratis, men du må melde deg på for å kunne delta. Påmeldingsfrist er onsdag 15. juni. Kryss av i påmeldingsskjemaet om du deltek på informasjonsmøtet, og meld frå i skjemaet om individuell samtale i Del 2. Du får ein e-post med Zoom-lenke til kurset når det nærmar seg.

Målgruppa til arrangementet

Målgruppa er bedrifter og offentleg sektor i Vestland og deira FoU-samarbeidspartnarar. Det er Vestland fylkeskommune, Regionalt forskingsfond Vestland, prosjekt FORREGION Vestland (Vestland fylkeskommune, Høgskulen på Vestlandet og Vestlandsforsking), KS Vest-Norge og Forskingsrådet som inviterer til prosjektverkstad.

Velkommen!

Program

Kontaktperson

Merete Lunde

    SpesialrådgiverOffentlig sektor og regional utvikling

Meldinger ved utskriftstidspunkt 4. juni 2023, 01:47 CEST

IT-feil Skattefunn

Har du fått e-post om at prosjektet ditt til SkatteFUNN er trukket? Dette skyldes en IT-feil. Vi beklager dette og jobber med å rette opp i feilen.