28. jan

Helseinnovasjonskonferansen 2021

Når:

28. januar 2021 kl 09.00 - 13.00

Arrangementstype:

Konferanse

Passer for:

helsesektor, næringsliv, akademia, studentar, forvalting, kommunesektor, finans/kapital/investorar, politikarar, verkemiddelapparatet, helseinnovasjonsaktørar

kamera 1,5 pxArrangementet strømmes
Meld deg på

Om arrangementet

Konferansen er i år digital.

Gründerane Karen Dolva og Silvija Seres skal fortelje om korleis innovativ og framtidsretta tenking har prega deira arbeid.

I tillegg vil du mellom mykje anna møte sjukepleiar Gunn-Berit Neergård som forskar på innovasjon med utgangspunkt i helsepersonell som innovativ ressurs, prosjektleiar Annette Eri Norevik som vil fortelje om det treårige programmet e-Helse Vestland, Lise Løvereide prosjektleiar for prosjektet "Bruk av droner i helsesektoren", og leiar i IT-utvalet til legeforeinga, Kjartan Olafsson, som skal snakke om "Teknologioptimisme med beina godt planta i klinisk kvardag".

Konferansen er gratis. Dette er ein konferanse for alle på tvers av fag og sektorar. Konferansen har som mål å bidra til meir kompetansedeling, samskaping og innovasjon.

Sjekk ut heile programmet her (lenkja opnar i nytt vindauge).

Det vert også ein god del digitale stands der du kan bli kjent med nyskapande bedrifter.

Sjå også lenkje til Facebook-arrangementet her (lenkja opnar i nytt vindauge).

Konferansen er støtta av Forskingsrådet og blir arrangert av Helse Førde, i samarbeid med Forskingsrådet, Kunnskapsparken Vestland, Innovasjon Noreg, Sunnfjord Utvikling, NHO og Høgskulen på Vestlandet.

 

Meldinger ved utskriftstidspunkt 27. september 2022, 03.51 CEST

Det ble ikke vist noen globale meldinger eller andre viktige meldinger da dette dokumentet ble skrevet ut.