30. nov

Digital prosjektverkstad - Vestland

Når:

30. november 2021 11.00 - 15.00

Arrangementstype:

Kurs

Passer for:

Forskningsorganisasjon, næringsliv og offentlig sektor

Pris:

Gratis

Påmeldingsfrist:

25. november 2021 kl. 15.00

kamera 1,5 pxArrangementet strømmes

Om arrangementet

Prosjektverkstaden er eit tilbod til aktørar i Vestland som vil lære meir om å strukturere og planlegge eit forskings- og innovasjonsprosjekt i næringsliv eller i offentleg sektor. I forkant av prosjektverkstaden vil det vere eit kort informasjonsmøte om moglegheiter for finansiering av FoU-prosjekt.

Kurset vil vere nyttig ved søknader til Regionalt forskingsfond Vestland eller Forskningsrådet om forprosjekt og innovasjonsprosjekt, men også til kompetanse- og samarbeidsprosjekt.

Prosjektverkstaden består av to delar; sjølve kurset og eit tilbod om individuell samtale med ein rådgjevar.

Del 1 Kurs: Gjennom eksempel lærer du om korleis få fram kva sentrale oppgåver prosjektet skal løyse og korleis planlegge arbeidet. Du vil få råd om korleis strukturere opp eit prosjektet.

Del 2 Individuell samtale: Har verksemda di ein konkret prosjektidé du vil diskutere og ønskjer råd og rettleiing om? Vi stiller med rådgjevarar med god kompetanse på forskings- og innovasjonsprosjekt i næringsliv og offentleg sektor. Meld frå i påmeldingsskjemaet for å avtale eit slikt møte.

Arrangementet er digitalt og gratis, men du må melde deg på for å kunne delta. Påmeldingsfrist er torsdag 25. november. Kryss av i påmeldingsskjemaet om du deltek på informasjonsmøtet, og meld frå i skjemaet om Del 2 individuell samtale. Du får ein e-post med lenke til kurset når det nærmar seg. Målgruppa er bedrifter og offentleg sektor i Vestland og deira FoU-samarbeidspartnarar

Det er Vestland fylkeskommune, Regionalt forskingsfond Vestland, prosjekt FORREGION Vestland (Vestland fylkeskommune, Høgskulen på Vestlandet og Vestlandsforsking), KS Vest-Norge og Forskingsrådet som inviterer til prosjektverkstad.

Velkommen!

Program

Kontaktperson

Merete Lunde