10.
nov
background

Lansering Horisont Europa i Vestland

Når:

10. november 2020 10.00 - 11.30

Hvor:

Vestland

Arrangementstype:

Digitalt arrangement

Passer for:

Bedrifter, forskarar, offentlege aktørar, klynger, næringshagar, innovasjonsselskap og andre

Pris:

Gratis

Arrangementet strømmes

Om arrangementet

Ved nyttår går startskotet for EU sitt nye forsking- og innovasjonsprogram, Horisont Europa. Her ligg det store moglegheiter for både norske bedrifter, forskarar og offentlege aktørar som ønskjer å delta i internasjonalt samarbeid og bidra til å løyse store samfunnsutfordringar.

Tysdag 10. november kl. 10.00 - 11.30 inviterer EU nettverket for Sogn og Fjordane, Innovasjon Norge Vestland og Noregs forskingsråd til digitalt informasjonsmøte, med moglegheit til ein-til-ein samtale med EU-rådgjevar og nasjonale kontaktpunkt (NCP) i Forskingsrådet etter lunsj.

Les gjerne meir om Horisont Europa her: Horisont Europa

Arrangørar er EU nettverket for Sogn og Fjordane i samarbeid med Innovasjon Norge og Noregs forskingsråd.

Du møter

Merete Mikkelsen

Dagleg leiarVest-Norges Brusselkontor

Bård Sandal

Fylkesdirektør, avdeling for innovasjon og næringsutviklingVestland fylkeskommune

Inger Nordgard

SpesialrådgjevarNorges Forskingsråd

Ingvild Håvardstun Kjørrefjord

EU-rådgjevarInnovasjon Norge Vestland

Leif A. Stavøstrand

Dagleg leiarEvoy

Roger Flølo

CEOnLink

Merete Lunde

Spesialrådgjevar, regionansvarleg VestlandNorges Forskingsråd

Ida Tidemann-Andersen

Forskar ved Vestlandsforsking og leiar for EU-nettverk for Sogn og Fjordane

Nasjonale kontaktpersonar

Med ansvar for ulike fagområde i ein-til-ein samtalane

Program

10:00

Velkommen og introduksjon til Horisont Europa

Ida Tidemann-Andersen

10:05

Vestland i Horisont Europa

Bård Sandal, fylkesdirektør Vestland fylkeskommune. Ambisjonar for internasjonalt samarbeid

10:10

Vest-Norge sett frå Europa

Merete Mikkelsen, direktør ved Vest-Norges Brusselkontor, om Vest-Norges plass i Horisont Europa. Tematiske hovudtrendar og korleis norske miljø best mogleg kan bidra i samarbeid

10:20

Dette må du vite om Horisont Europa: Nye ordningar – nye moglegheiter

Overblikk og missions: Inger Nordgard, spesialrådgjevar Forskingsrådet.
European Innovation Council (EIC): Ingvild Kjørrefjord, EU-rådgjevar Innovasjon Norge Vestland

10:40

Korleis komme gjennom nålauget?

Leif A. Stavøystrand, dagleg leiar i Evoy, fortel om erfaringar med å nå opp i konkurransen om EU-finansiering med sitt prosjekt på heilelektriske båtar. Kva skal til?

10:55

Tips og erfaringar - er det så krevjande som mange trur?

Roger Flølo, CEO i nLink, fortel om deira Horisont 2020-prosjekt om automatisering av byggeprosessar, og gir deg tips og erfaringar med å delta i internasjonalt forskings- og innovasjonssamarbeid.

11:10

Løyse samfunnsutfordringar i samarbeid - eit eksempel til inspirasjon

Rajendra Akerkar, forskar ved Vestlandsforsking, koordinerer eit Horisont 2020-prosjekt om stordata og transport, og her får du en presentasjon av prosjektet i en kort film

11:15

Slik kan du få hjelp til å komme i gang med Horisont Europa

Merete Lunde, regionansvarleg i Forskningsrådet, gir deg ein oversikt over verkemiddel og korleis du kan nytte dei

11:20

Spørsmål

11:30

Slutt

Vi fortset med ein-til-ein samtalar etter lunsj for dei som ønskjer det. Meld frå i påmeldingsskjemaet.

Du får tilsendt lenke til arrangementet på e-post, og vi tek kontakt med deg for å avtale tid for ein-til-ein samtalane.