Temamøte: Kompetanse og rekruttering
- Når:
18. september 2019 13.00 - 15.00
- Hvor:
Campus Sogndal, Bragebygget Auditorium Yggdrasil
- Arrangementstype:
Seminar
- Påmeldingsfrist:
Inga påmelding, gratis arrangement
Om arrangementet
Mangfald skapar lønsemd og aukar kreativitet, men korleis skapar ein mangfald? Rekruttering og kultur for yrkesval blir sett på dagsorden i Sogndal 18. september.
Rekruttering av kompetanse er sentralt for verksemder i regionen, men mobiliserer vi talent frå heile folket? Kvifor ligg kvinneandelen blant søkjarane til IT- og ingeniørfaga i fylket langt under det nasjonale gjennomsnittet? Korleis møte utfordringar vi har regionen med rekruttere til teknologiutdanning og yrke? Vi inviterer til møte for å skape diskusjon kring utfordringar og forslag til løysingar.
Det er dei to prosjekta Teknoløft Sogn og Fjordane og FixIT som inviterer til seminar. Begge er prosjekt i Forskingsrådet sitt program for forskingsbasert innovasjon i regionane (FORREGION). Teknoløft Sogn og Fjordane bygger kompetanse på automatisering og robotikk, digitalisering og stordata i fylket, og FixIT har mål om å auke merksemda, kunnskapen om og innsatsen for å auke kvinner si deltaking i forskingsbasert innovasjonsarbeid.
Program
13.00 – 15.00: Kompetanse og rekruttering
- Kompetanse og rekruttering til digitalisering og automasjon, ved Erik Kyrkjebø, prosjektleiar for Teknoløft Sogn og Fjordane
- Kan Kvinneløftet FixIT fikse det? ved Hilde G. Corneliussen, forskar Vestlandsforsking
- IT-forum satsar på mangfald, ved Ivar Petter Grøtte, sekretariatet IT-forum
15.00 – 15.45: Nettverking med pizza og omvising i Bragebygget og på Campus
Kontakt
Merete Lunde
- Mobilisering og regional utvikling
- melu@forskningsradet.no