Temamøte: Kompetanse og rekruttering

Når:

2. oktober 2019 13.00 - 15.00

Hvor:

HVL Campus Kronstad Fabrikkgaten 5, Bergen

Arrangementstype:

Seminar

Påmeldingsfrist:

Inga påmelding, gratis arrangement

Om arrangementet

Mangfald skapar lønsemd og aukar kreativitet, men korleis skape mangfald? Rekruttering og kultur for yrkesval blir sett på dagsorden i Bergen 2. oktober.

Rekruttering av rett kompetanse er avgjerande for å drive utvikling og innovasjon. Samstundes er rekruttering utfordrande, og til dømes er kvinner framleis i mindretal i ei rekke fag og yrke som er sentrale for innovasjon. Korleis kan vi møte utfordringar med kompetanse og rekruttering, og korleis skal vi mobilisere talent frå heile folket? Vi inviterer til møte for å skape diskusjon kring utfordringar og forslag til løysingar.

Det er dei to prosjekta Teknoløft Sogn og Fjordane og FixIT som inviterer til seminar. Begge er prosjekt i Forskingsrådet sitt program for forskingsbasert innovasjon i regionane (FORREGION). Teknoløft Sogn og Fjordane bygger kompetanse på automatisering og robotikk, digitalisering og stordata i fylket, og FixIT har mål om å auke merksemda, kunnskapen om og innsatsen for å auke kvinner si deltaking i forskingsbasert innovasjonsarbeid.

Program

13.00 – 15.00: Kompetanse og rekruttering

  • Rekruttering til digitalisering og automasjon, ved Øyvind Heimset Larsen, Teknoløft Sogn og Fjordane, Vestlandsforsking
  • Kompetansebehov i havbruksnæringa, ved Øyvind Midtbø Berge, KABIS, Høgskulen på Vestlandet
  • Kan Kvinneløftet FixIT fikse det? ved Hilde G. Corneliussen, Vestlandsforsking
  • Nettverk for kompetanse "Vest ut og fram" og videre satsing, ved Annette Fagerhaug Stephansen, NORCE

15.00 – 15.45: Nettverking med pizza og omvising i marinlabben sin bølgetank (Inndalsveien 29)  

Kva er di erfaring? Kom og diskuter og et pizza!

Kontakt

Merete Lunde