Gå direkte til innhold

Infrastrukturmidlar 2009 - HiVolda

Høgskulen i Volda (HVO) sitt overordna motiv for å søkje infrastrukturmidlar innanfor ramma av FORNY Møre og FORNY Midt-Norge for 2009 er todelt. For det første ligg det i våre strategiske prioriteringar generelt og når det gjeld FoU spesielt at vi skal v ere ein viktig regional utviklingsaktør. For det andre er dette eit glimrande høve til å kartlegge vårt eige potensial for kommersialisering av FoU-resultat og vidareføre arbeidet med forskingsbasert nyskaping. Vi ønsker difor å fortsette arbeidet med å b ygge ein sterk og stabil kultur for innovasjon og entreprenørskap i tråd med høgskulen og FORNY-HVO sine ambisjonar. Dette vil i hovudsak vere innretta mot haldningsskapande arbeid og ulike former for kompetanseheving blant fagtilsette og studentar. Arb eidet med kommersialisering av FoU ved høgskulen er godt i gang sjølv om vi i denne samanhengen framleis er nybegynnarar, og vi kan allereie inneverande år kan vise til rimeleg stor aktivitet i høve til målsettingane. Vi har framleis store utfordringar p å dette feltet men synes vi har fått i gang mange gode aktivitetar og koplingar med vår kommersialiseringsaktør Leiv Erikson Nyskaping i Trondheim. Den klare målsettinga er framleis å auke idetilfanget og antall kommersialiseringar etter kvart som infrast rukturtiltaka tek til å virke.

Prosjektleder:
Bjørn Gunnar Tafjord
Institusjon:
UoH-sektor/Høgskolen i Volda
Aktivitetsnavn:
Kommersialisering av FoU-res
Prosjektstatus:
Avsluttet
Prosjektperiode:
01.01.2009 - 01.01.2010
Geografi:
Norge/MØRE OG ROMSDAL/VOLDA
Fagområder:
Teknologi/Tverr flerfag. teknologi o.a.
Prosjektnummer:
193063