Prosjektet handlar om korleis byen opnar opp og set grenser for familieliv samtidig som barnefamiliar gjennom sine praksisar formar byen. På den eine sida vil prosjektet fokusera på barnefamiliane sitt forhold til byen. Oppfattar dei seg som inkluderte i byens "vi"? Kva for meiningsinnhald legg dei i sitt urbane medborgarskap? På den andre sida ønsker prosjektet å analysera om det er eit mønster i korleis barnefamiliar med ulik bakgrunn nyttar byen. Korleis utformar dei sitt "vi" i forhold til andre barn efamiliar? Prosjektet fokuserer slik på inklusjons- og eksklusjonsprosessar i ulike barnefamiliars forhold til byen og til andre barnefamiliar. Prosjektet vil ha ei særskild fokus på korleis korleis barnefamiliar rører seg mellom private og offentlege ro m i sin kvardag i byen. Prosjektet vil ta opp spørsmål som: Korleis handterer barnefamiliane det pluralistiske offentlege byrommet i sine forsøk på å legga til rette for den gode barndommen? Kva konsekvensar får det for privatsfæren at familiane bur i ein by? Korleis verkar familiane sine definisjonar av det private inn på deira bruk av dei offentlege arenane som byen tilbyr?
Norges forskningsråd
Postboks 2700 St. Hanshaugen 0131 Oslo
Besøksadresse: Stensberggata 26
Abonner på nyhetsbrev
E-post: post@forskningsradet.no
Telefon: 22 03 70 00
Henvendelser om nettsidene: webmaster@forskningsradet.no