Programmet spør: Korleis, og med kva for utfall, skjer læring i det daglege arbeidet? Ein vil rette fokus mot arbeidet som utgangspunkt for læring. Prosjektet spør om kva det er som kjenneteikner samhandlinga mellom aktørar på ulike læringsarenaer og på u like nivå. Spørsmålsstillinga indikerer at kvardag ikkje er eit eintydig begrep. Prosjektet vil identifisera ulike typar kvardagar ut frå eit skilje mellom aktivitetstypar og om deltakarane i desse aktivitetane er rekrutterte internt i ei bedrift, eller s amansett på tvers av bedrifter. Med utgangspunkt i eit utval ulike situasjonar som dekker desse kvardagene, vil ein med støtte i teori om kunnskapsproduserande organisasjoner og dialoganalyse, beskrive korleis læring skjer i det daglege arbeidet. På bagr unn av dette arbeidet vil ein kunne møte nokre av dei manglane som læringsstudiar med utgangspunkt i tradisjonell organisasjonslæringsteori er kjenneteikna av. Særleg vil ein bidra til å auke kunnskapen om mikroprosessane i den sosiale læringsprosessen so m finn stad til dagleg i arbeidet. Prosjektet vil såleis kaste lys over både eksplisitte kollektive læringsprosessar og dei som er kjenneteikna av taus kunnskap. Slike bidrag er viktige både for dei som skal tilrettelegge for effektiv kunnskapsutvikling o g -forvaltning i bedriftene og for dei som skal utforme meir formelle kompetansegjevande tiltak.