Gå direkte til innhold
 

Avdeling for medisin, naturvitskap og teknologi

Avdelingsdirektør: Hilde Jerkø

Avdelinga har ansvaret for fleire av Forskingsrådets verkemiddel for å fremje kvalitet i medisinsk, naturvitskapleg og teknologisk forsking.

Det viktigaste verkemiddelet i avdelinga er Fri prosjektstøtte (FRIPRO). Gjennom FRIPRO jobbar vi for å fremje vitskapleg kvalitet i internasjonal forskingsfront, dristig og nyskapande forsking, karriere for unge forskartalent og mobilitet for forskarar tidleg i karriera si. FRIPRO er delt inn i tre aktivitetar etter fagområde: FRIMEDBIO (medisin, helse og biologi), FRINATEK (matematikk, naturvitskap og teknologi) og FRIHUMSAM (humaniora og samfunnsvitskap). Vi har ansvaret for FRIMEDBIO og FRINATEK.

Program for stamcelleforsking er eitt av avdelingas to program. Det bidreg til å utvikle og styrke kompetansen innanfor grunnleggjande og klinisk forsking på stamceller, med sikte på behandling av alvorleg og kronisk sjuke pasientar. Det andre programmet omfattar driftsstøtte til dei Regionale vitensentra. Vitensentra er eit verkemiddel for å øke rekrutteringa til realfag.

Avdelinga har ansvaret for fagevalueringar. Fagevalueringar er ein kritisk gjennomgang av vitskapeleg kvalitet, forskingsstrategi og forskingsleiing i norske fagmiljø. I tillegg brukar vi Health Research Classification System (HRCS) for å utarbeide ei årleg oversikt over kva slags helseforsking Forskingsrådet finansierer. Dette er sentrale oppgåver som gir grunnlag for råd til institusjonane, departementa og Forskingsrådet.

Samarbeid og dialog både nasjonalt og internasjonalt blir stadig viktigare og vi er aktive bidragsytarar på dette feltet. Avdelinga jobbar blant anna med å stimulere til internasjonalt samarbeid og styrke forskarmobilitet og har ei brei kontaktflate mot EUs rammeprogram, Horisont 2020.

Meir informasjon om avdelingas hovudaktivitetar:
Fri prosjektstøtte (FRIPRO)
Program for Stamcelleforskning (STAMCELLER)
Regionale vitensentre (VITEN)
Fagevalueringer
Health Research Classification System (HRCS)

Meir informasjon om dei internasjonale aktivitetane:
European Research Council (ERC)
Marie Skłodowska-Curie actions (MSCA)European Cooperation in Science and Technology (COST)
Human Frontier Science Program (HFSP)
Joint Programming Initiative on Antimicrobial Resistance (JPIAMR)
The Joint Committee of the Nordic Medical Research Councils (NOS-M)
European Molecular Biology Laboratory (EMBL)

Publisert:
06.10.2004
Sist oppdatert:
17.02.2016