Gå direkte til innhold

Svart gull i aust

Skal du drive oljeutvinning i den tidlegare Sovjetunionen, treng du meir enn ingeniørkunnskap. Eit stort forskningsprosjekt leia av Arild Moe går tett på utviklinga i Russland og i regionen rundt Kaspihavet.

Kampen om dei attverande olje- og gassressursane i verda hardnar, og nokre av dei mest attraktive felta ligg i Russland og landa kring Kaspihavet. Men dette er ikkje enkle område å operere i for utanlandske selskap. Det norske forskingsprogrammet RussCasp skal skaffe kunnskap som gjer vegen til ressursane lettare.

– Vi skal auke forståinga av vilkåra i Russland og landa kring Kaspihavet, seier Arild Moe. Han er seniorforskar ved Fridtjof Nansens Institutt (FNI), og koordinator for RussCasp-programmet, som varer frå 2008 til 2012.

– Vi kombinerer økonomisk og politisk analyse med god regionalkunnskap. Programmet skal byggje ein breiare akademisk kompetanse på Russland og dei kaspiske statane. Vi vil studere den politiske utviklinga, og kva rolle landa vil spele på energimarknaden. Det har implikasjonar også for utanrikspolitikken, seier Moe.


Matnyttig kunnskap

Dei tre konsortiepartnarane i programmet utfyller kvarandre, meiner Moe. FNI har stor kunnskap om olje- og gassindustrien i Russland og nordområda, NUPI har ekspertise på politiske tilhøve i Russland og Sentral-Asia, og Econ Pöyry har kunnskap om økonomi, energi og scenarieutvikling. Programmet trekk òg inn andre forskarar med spesialkompetanse, både frå Norge og regionen. Reservane på norsk sokkel minkar raskt, og selskap som Statoil er på konstant jakt etter nye olje- og gassfelt. Men sjølv om kunnskapen som programmet skaffar, kan ha strategisk verdi for industrien, legg ikkje dette spesielle føringar på forskarane, meiner Moe. Oljepumper i Sibir. Russland har nokre av dei største olje- og gassreservane i verda. Oljepumper i Sibir. Russland har nokre av dei største olje- og gassreservane i verda.

– Vi skal skaffe kunnskap som er relevant for norsk oljeindustri, men det legg ikkje bindingar på oss. Vi gjer uavhengige analysar, vi arbeider ikkje som konsulentar, seier Moe. Han viser til at forskarar, oljeselskapa og norske styresmakter har sams interesse i å forstå rammevilkåra, historia og bakgrunnen for dei politiske avgjerdene i desse landa.


Russisk risiko

Eit viktig studiefelt for RussCasp er offshoreverksemd i Russland. Statoil er involvert i det store Sjtokman-prosjektet.

– Det er ingen tvil om at det finst betydelege ressursar på russisk sokkel. Men trass i mange proklamasjonar fører ikkje Russland ein politikk som vil gje rask auke i offshore-aktiviteten. Politikken er sjølvmotseiande, og russisk petroleumsverksemd er i det heile ikkje særleg velstyrt, meiner Moe. Nasjonalisering og statlig kontroll har vore viktigare enn effektiv utnytting av ressursane.
– Dei uavhengige private russiske selskapa er blitt marginaliserte, og den statlege styringa er sterk. Men denne organiseringa gjer det vanskeleg å oppretthalde produksjonen. Systemet er lite fleksibelt, og det er lite incitament for å leite etter nye ressursar eller byggje ut nye felt, hevdar Moe.

– Som Telenor har erfart, kan Russland vere eit vanskeleg land å operere i for utanlandske selskap?

– Ja, den historia var urovekkande. I Russland er det mange kompliserte relasjonar mellom staten og oligarkane, og det skaper usikkerheit for investorar. Men Statoils engasjement i Sjtokman er neppe like utsett som Telenors investering i Russland. Gazprom vil ikkje presse ut eit selskap som dei er teknologisk avhengige av, seier Moe.


Aserbajdsjan

RussCasp-forskarane studerer òg spelet om naturressursane i Sentral-Asia. Selskap frå mange land er interesserte i oljen og gassen i land som Kasakhstan, Aserbajdsjan og Turkmenistan. Statoil har satsa stort i Aserbajdsjan, og er den nest største investoren i landet etter BP.

– Produksjonen i Aserbajdsjan kjem snart til å falle raskt. Men Statoil har òg interesser i Kasakhstan, som har langt større reservar, og der kan investeringar kome raskt, peikar Moe på. Turkmenistan har enorme gassreservar, men der er vilkåra for utanlandsk deltaking svært usikre.

– Statoil har fått kritikk for verksemda si i Aserbajdsjan og for kontakt med diktaturet Turkmenistan. Kor viktige er menneskerettsspørsmål i programmet dykkar?

– I dette programmet er det det generelle investeringsklimaet og stabiliteten i dei ulike landa som er i fokus. Menneskerettssituasjonen kan spele ei rolle for stabiliteten, men er ikkje primærfokus for oss, seier Moe. Han legg til at oljeselskapa har mange dilemma ved verksemda i dei autoritære statane ved Kaspihavet.

– Mange håpar at oljeselskapa skal spele ei positiv samfunnsrolle i desse landa. Selskapa ønskjer nok å sjå ei god utvikling der, men det er grenser for kor mykje dei kan blande seg i politiske forhold. Men i eit land som Aserbajdsjan har nok BP og Statoil bidrege til større transparens hos styresmaktene, seier Moe.
 

Skrevet av:
Per Anders Todal
Publisert:
 11.01.2010
Sist oppdatert:
11.01.2010