Gå direkte til innhold

Korleis forvalte fiskeriressursar under politisk uvisse og ulovleg fiske

Prosjekt: The effect of political uncertainty in fisheries management. A case study of the Northeast Arctic cod fishery.

Me viser korleis fiskeriforvalting både nasjonalt og internasjonalt kan betrast i tilfeller der ulovleg fiske er eit problem. Vidare ser me på korleis politisk uvisse, t.d. uvisse om framtidige reguleringar, kvotar og kvotehandheving, påverkar åtferda til fiskarane, samt korleis problemet kan reduserast.

Bakgrunn og mål
Ulovleg fiske er eit stort problem verda over. Det at mange fiskeriressursar er delte mellom to eller fleire land, gjer det ikkje enklare å takle denne utfordringa sidan dei involverte landa gjerne har ulike interesser. Politisk uvisse er eit problem på fleire nivå. Fiskaren eller fiskeriinvestoren vil verte påverka av uvisse om framtidige nasjonale reguleringar eller om kvotehandheving i andre land som igjen spelar ei rolle for bestandsstorleik og framtidige nasjonale kvotar. Styresmaktene må forhalde seg til uvisse i høve til kva dei andre landa vel å gjere. På denne bakgrunn ønskte me å sjå nærare på nokre av effektane av ulovleg fiske og då særleg dei samfunnsøkonomiske sidene, samt på korleis dagens forvaltingssystem kan betrast.

Resultater
Prosjektet er delt inn i tre hovuddelar. Den fyrste delen fokuserar på ulovleg fiske på eit nasjonalt nivå, dvs. utan å ta omsyn til problemstillingar knytta til internasjonalt delte fiskebestandar. Eit av arbeida frå denne delen av prosjektet viser korleis ein kan oppnå meir effektiv forvalting av fiskeressursar ved å introdusere eit system som er basert på for det fyrste, at fiskarane sjølve rapporterar inn eventuelle fangstar utover kvote mot at dei betalar ei avgift per kilo fisk dei ikkje hadde kvote for. For det andre føreslår me å innføre ei differensiering av inspeksjonane av fiskefartøy, slik at ein del av straffa for dei som har vorte avslørte med urapporterte ulovlege fangstar er at dei i ein periode vil verte kontrollerte mykje oftare enn andre fartøy. Trugsla om stadige kontrollar vil redusere fiskarane sine incentiv til å jukse, samanlikna med tradisjonell straffa som berre består av bøter, e.l. Dette alternative systemet fungerar betre enn tradisjonell forvalting også i situasjonar der bøter og kontrollressursar er avgrensa. Eit anna arbeid frå denne delen ser på samanhengen mellom overkapasitet og ulovleg fiske. Resultata frå denne studia viser mellom anna at overkapasitet styrkar problemet med ulovleg fiske.

Fokuset for del to av prosjektet er på internasjonalt delte fiskeriressursar der ulovleg fiske er eit problem. Fleire arbeid analyserar det norsk-russiske fisket etter torsk med fokus på ulike strategiar dei to landa kan ta i forhold til utnytting av den delte bestanden og i forhold til dei to nasjonane si kvotehandheving. Eit av resultata er at norsk kvotehandheving kan ha vore for grundig i ein periode då russisk kvotehandheving tillot russiske fartøy å fiske ein del ulovleg. Dette spelet i forhold til kvotehandheving er analysert nærare i ei teoretisk studie. Hovudproblemet er at dei involverte landa kan gå med på ein avtale om kvotedeling, for så å sabotere avtalen ved å redusere kontrollen av eigne fartøy for på den måten å oppnå ein større del av samla fangstar. Me viser korleis internasjonale avtalar kan utformast for å hindre partane i denne type handhevingsjuks.

Den siste delen av prosjektet ser på politisk uvisse i denne type fiskeri. Tradisjonelt har politisk uvisse rundt framtidige politiske avgjerdsle (f.eks. kvotar) vorte sett på som eit problem, for eksempel fordi det vanskeliggjer næringas investeringsavgjerdsle. Arbeidet endrar ikkje denne hovudhaldninga, men viser at under enkelte omstende vil det ikke vere optimalt å redusere uvissa så mykje som mogleg, siden dette gjer det lettare og mer attraktivt for den berørte næringa å foreta uheldige tilpasninger til regelverket (såkalla ”rent seeking”). Utvidar me analysen til å sjå på internasjonalt delte fiskeri viser resultata at fiskarar i landet med høg politisk uvisse vil ha svakare incentiv for uheldige tilpassingar til regelverket, men samstundes også ha svakare incentiv for vidare investeringar i næringa. Resultata understrekar viktigheita av politisk uvisse både på mikronivå og på internasjonalt nivå.

Nytteverdi og anvendelse
Resultata vil ha nytteverdi ved utforming av fiskerireguleringar, samt ved evaluering og utforming av internasjonale avtalar for deling av fiskeriressursar. Resultata har også implikasjonar for forvalting av andre ressursar der ein møter liknande utfordringar i forhold til ulovleg utnytting, t.d. skogbruk og forureining. I tillegg vil resultata verte nytta som basis for vidare forsking innanfor desse temaene. 
 
Last ned faktaarkene:
Ulovleg fiske - fiskarar som juksar eller styresmakter som juksar? (PDF-107.3 KB)
Om betydningen av politisk usikkerhet for fiskeri og fiskere (PDF-91.9 KB)   

  

185151/S40
 
Ansvarlig: SNF 01.01.2008-
31.07.2010

Prosjektleder: Linda Nøstbakken
Kontaktperson: Linda Nøstbakken, Alberta School of Business, University of Alberta
Adresse: Edmonton, AB, T6G 2R6, Canada
Telefon: +1-780-248-1266 E-mail: linda.nostbakken@ualberta.ca 

Kontaktperson: Ole Jakob Bergfjord, Institutt for økonomiske og administrative fag, Høgskolen i Bergen
Adresse: Postboks 7030, Nygårdsgaten 112, 5020 Bergen
Telefon: 55 58 71 63 E-mail: ole.jakob.bergfjord@hib.no 

Lenker: www.snf.no www.snf.no/Publikasjoner/SNF-publikasjonsserier.aspx
Samarbeidende institusjoner: CEMARE, University of Portsmouth, England og University of Alberta, Canada

 

Publisert:
 18.12.2009
Sist oppdatert:
14.05.2012