Årets helsesjekk for forskings- og innovasjonssystemet
Indikatorrapporten 2023 vart lansert på eit seminar hos Forskingsrådet tysdag. Rapporten er den viktigaste enkeltkjelda til å forstå det norske forskings- og innovasjonssystemet, og gir eit detaljert bilete av tilstanden og trendane innan norsk forsking og innovasjonsaktivitetar, og korleis vi gjer det samanlikna med andre land.
– Indikatorrapporten gir oss heilt nødvendig kunnskap om forskings- og innovasjonssystemet, - slik at vi alle med ei rolle i dette systemet, kan leggje best mogleg til rette for dei som skal forske og utvikle kunnskapen vi treng for å takle krisene vi står overfor, sa Benedicte Løseth, områdedirektør i forskingsrådet med ansvar for Forskingssystemet og internasjonalisering.
Indikatorrapporten 2023 viser at Noreg har eit sterkt forskings- og innovasjonssystem, sjølv om veksten ser ut til å ha flata ut. Vi har langt fleire forskarar per innbyggjar i Noreg enn gjennomsnittet i EU, og vi er heilt i verdstoppen for talet på publiserte artiklar per innbyggjar. Også internasjonale samanlikningar av innovasjon viser at Noreg skårar jamt over høgt.
Nokre highlights frå Indikatorrapporten 2023
- Klima, miljø, utdanning og IKT er dei tematiske forskingsområda der utgiftene til forsking og utvikling har vakse mest.
- Nesten 16% av all norsk FoU er relatert til helse. Det er også eit område med sterk vekst.
- Høgare utdanning er ei drivkraft for FoU. 33% av norsk FoU skjer i universitets- og høgskulesektoren. Dei siste åra har det vorte fleire studentar, det har ført til fleire tilsette ved universiteta og høgskulane som igjen har ført til meir forsking og utvikling.
- EU får aukande betydning for norsk forsking og utvikling og innovasjon. Finansiering frå EUs rammeprogram er meir enn dobla dei siste 20 åra.
- Norsk forsking og utvikling har vorte meir avhengig av utanlandske forskarar. Ca. ein av tre forskarar i akademia har innvandrarbakgrunn i 2022.
- Kriser er ei drivkraft for forsking og utvikling og innovasjon. 31 prosent av innovative føretak oppgir auka innovasjonsinvesteringar under kriser medan 14 prosent oppgir reduksjon.
- Det var fleire innovasjonar med positiv miljøeffekt i pandemiåra 2020-2022 enn i toårsperioden før.
Meldinger ved utskriftstidspunkt 1. november 2024, kl. 00.48 CET