Forskingsrådets visuelle profil
Retningsliner for Forskingsrådets visuelle profil og logobruk med høve til å laste ned maler og logoer.
Den overordna visuelle profilen skal medverke til at Forskingsrådet framstår som ein heilskapleg og utvitydig aktør. Både logo, fargar og andre profilelement skal knyte saman dei ulike aktivitetane i Forskingsrådet.
Forskingsrådet har utarbeidd ein profilmanual med retningslinjer for grafisk design og produksjon. Manualen inneheld malar for utforming av trykksaker og logoar som kan lastast ned.
Logoen finst på bokmål, nynorsk og engelsk og kan trykkast i fargar, svart og negativ. Logoen skal alltid framstå både med symbol og tekst, og det er ikkje lov å endre eller justere dette. Symbolet kan altså ikkje brukast åleine. Du finn retningslinjer for logobruk i manualen.
- Publisert:
- 01.11.2006