Vedtekter for forskingsprisen
1.Forskingsrådets pris for framifrå forsking skal lønne høg kvalitet i forskinga. Mottakarar av prisen skal vere forskarar som held høg fagleg standard, nasjonalt og internasjonalt.
2. Prisen for framifrå forsking blir gitt på grunnlag av dokumenterte resultat, og skal vere ei inspirasjonskjelde til framhaldande innsats. Prisen kan gå til enkeltpersonar og til grupper av personar. Prisen kan omfatte alle fag og disiplinar, og også gå til tverrfaglege miljø.
3. Prisen består av ein sum på 1 million kroner og bronseskulpturen "Liggende Møbius". Ein føreset at summen blir nytta til forsking eller vidare kvalifisering i forsking.
4. Det blir delt ut éin pris for framifrå forsking kvart år. Prisen blir delt ut av Hovudstyret i Norges forskingsråd ved eit eige arrangement.
5. Prisen blir utlyst offentleg. Det er ikkje høve til å fremje sitt eige kandidatur. Medlemmer i Hovudstyret i Norges forskingsråd kan normalt ikkje bli foreslått som kandidatar til prisen. Dersom det blir foreslått ei gruppe eller eit nærmare avgrensa miljø, skal desse vere identifiserte ved namn på medlemmene i gruppa.
6. Det skal leverast ei fyldig grunngiving og dokumentasjon for kvar priskandidat. Dokumentasjon må innehalde CV, oversyn over publisering, mellom anna i velrenommerte internasjonale tidsskrift; evalueringar, viktige vitskaplege verv i inn- og utland m.m. I grunngivinga skal den fremste forskingsinnsatsen til kandidaten skildrast, saman med kva kandidaten har å seie som miljøbyggjar.
7. Oversynet over foreslåtte priskandidatar er unnateke det offentlege.
8. Prisvinnaren eller -vinnarane blir valde ut av ein jury, oppnemnd av Hovudstyret for ein periode på tre år.
(revidert 2. mai 2007)
Forslag sendes til:
Noregs forskingsråd
Postboks 2700
St. Hanshaugen
0131 OSLO
- Publisert:
- 04.09.2003