Vedtekter for Forskingsrådets innovasjonspris
1.
Formålet med Forskingsrådets innovasjonspris er å framheve Noregs leiande innovasjonsverksemder og stimulere fleire til å skape forskingsbasert innovasjon.
2.
Prisen blir delt ut til ei bedrift eller offentleg verksemd som evner å ta i bruk forskingsresultat, med finansiering frå Forskingsrådet, på ein framifrå måte.
3.
Prisen er på 500 000 kroner og blir delt ut på Forskinga sin festaftan i regi av Forskingsrådet.
4.
Prispengane skal brukast i verksemda sine innovasjonsaktivitetar.
5.
Frå 2012 blir prisen utlyst offentleg. Forslag til kandidatar skal sendast per brev til Forskingsrådet. Frist og skjema for nominasjon blir gjort tilgjengeleg når prisen blir utlyst.
6.
Nominasjonane blir vurderte av ein intern komité som velgjer ut dei seks beste kandidatane som så blir vurderte av ein jury beståande av interne og eksterne personar. Juryen blir utnemnt av divisjonsdirektørane i Forskingsrådet.
- Publisert:
- 10.08.2011