Gå direkte til innhold
 

Vedtekter for Pris for framifrå forskingsformidling (Formidlingsprisen)

  1. Formålet med Forskingsrådets formidlingspris er å lønne og stimulere til formidling av forsking overfor eit breitt publikum. Formidlinga må vere av høg kvalitet både i form og innhald.

  2. Prisen kan også tildelast for ein særskilt innsats for å fremje norsk forsking, og for arbeid knytt til etiske problemstillingar innanfor forskinga. 

  3. Prisen er på 250 000 kroner. Prisen blir delt ut årleg på eit særskilt arrangement i regi av Norges forskingsråd. 

  4. Ein føreset at summen blir nytta til eigenkvalifisering i formidling eller til formidlingstiltak. Prisen blir normalt gitt til éin mottakar, men ein kan også gi han til fleire som har samarbeidd om eit felles formidlingstiltak. 

  5. Prisen blir utlyst offentleg. Forslag på kandidatar til prisen skal innehalde ei fyldig grunngiving, og i tillegg dokumentasjon i form av utvalde produkt som artiklar, bøker, video, cd-ar m.m. Det er ikkje høve til å fremje sitt eige kandidatur til prisen. 

  6. Innsende forslag til kandidatar blir vurderte av ein jury som til saman representerer formidlingskompetanse og innsikt i forsking. Juryen blir oppnemnd av Hovudstyret for ein periode på tre år.

Revidert 30. juni 2004

Forslag sendes til:

Noregs forskingsråd
Postboks 2700
St. Hanshaugen
0131 OSLO

 

Publisert:
 04.09.2003

Kontaktpersoner

Tips en venn

Din venns e-post:
Kommentar:

Din e-post:

Ditt navn:

Sikkerhetssjekk
Captchabilde