Store program er eit viktig verkemiddel for å realisere nasjonale forskingspolitiske prioriteringar. Dei skal byggje langsiktig kunnskap for å stimulere til innovasjon og auka verdiskaping eller medverke til å løyse prioriterte samfunnsutfordringar.
Forskingsrådet har sju Store program som er utvikla gjennom dialog i og mellom forskingsmiljø, næringsliv og styresmakter.
Store program er organisert på tvers av sektorar, verdikjeder og aktørar, og dei fungerer som strategiske og dynamiske koplingsarenaer.
Alle dei Store programma blei etablerte i perioden 2002 til 2006 og er no ein viktig del av Forskingsrådets aktivitet innanfor dei prioriterte temaa og teknologiområda i Forskingsmeldinga "Vilje til forsking".
Les meir om Store program på heimesidene til programma:
FUGE - Funksjonell genomforsking
Funksjonell genomforsking på internasjonalt nivå for å styrkje basalbiologisk, medisinsk og marin kompetanse, innovasjon og næringsutvikling i Noreg.
HAVBRUK – ei næring i vekst
Forsking for å medverke til at havbruksnæringa blir den viktigaste vekstnæringa vår.
NANOMAT - Nanoteknologi og nye materiale
Noreg som leiande forskingsnasjon på utvalde område innanfor nye materiale og nanoteknologi.
NORKLIMA - Klimaendringar og konsekvensar for Noreg
Med meir forsking og kopling av ulike typar forsking vil samfunnet kunne takle klimaendringane.
PETROMAKS - Program for maksimal utnytting av petroleumsreservane
Forsking for å medverke til at petroleumsreservane skaper auka verdi for samfunnet.
RENERGI - Det reine energisystemet for framtida
Forsking for å skape det reine energisystemet for framtida.
VERDIKT - Kjernekompetanse og verdiskaping i IKT
Forsking for å sikre IKT-basert samhandling for kunnskapssamfunnet og kunnskapsøkonomien.