Professor Trygve Helgaker, Kjemisk institutt, Universitetet i Oslo, for med stort hell å ha forenkla kompliserte kjemiske berekningar. Han har, saman med skandinaviske forskarar, gjennom mange års arbeid evna å byggje opp eit dataprogram for kvantekjemiske berekningar, som i dag vert brukt av meir enn to tusen forskargrupper over heile verda.
Professor i økonomi Kalle Moene, Økonomisk institutt, Universitetet i Oslo, for si evne til å forklare komplekse økonomiske spørsmål på ein forståeleg måte. Han har gjennom mange år vore aktuell og poengtert i si forskingsformidling, og held ein høg fagleg standard samtidig med at han klarer å formidle langt utanfor faget sine grenser.
Laerdal Medical AS, for si evne til å ta i bruk forskingsresultat på ein måte som skapar både økonomiske og samfunnsmessige verdiar. Frå å vere ei tradisjonell produksjonsbedrift har bedrifta, gjennom systematisk innovasjonsarbeid, utvikla seg til å bli ei moderne kunnskapsbedrift og internasjonal marknadsleiar innafor opplærings- og behandlingsprodukt for livreddande førstehjelp.
Professor Tron Frede Thingstad, Institutt for biologi, Universitetet i Bergen; eit framifrå døme på ein forskar som har jobba systematisk og grundig og kome særs langt på sitt fagfelt og bidrege til ei djupare forståing av tema innafor marinbiologi, biodiversitet, klimaforsking og havforsuring.
Redaksjonen for nettstaden forskning.no, for framifrå formidling av forsking og kunnskap gjennom gode og kritisk innretta redaksjonelle produkt, og for å ha inspirert norske forskarar og forskingsmiljø til meir, breiare og betre formidling av eigne resultat.
Abilia AS, Abilia AS har vist stor innovasjonsevne gjennom fleire år og har mellom anna konstruert verdas første augestyrte kjøresystem for rullestolar.
Professor Nils Petter Gleditsch, Institutt for fredsforsking i Oslo (PRIO), for sin 45-årige karriere, som har spent over eit vidt spekter av tema og språk, og som har plassert han som ein av dei leiande innafor feltet fredsvitskap – med eit solid omdømme internasjonalt.
Paleontolog Jørn Hurum, Naturhistorisk museum, Universitetet i Oslo, for gjennom ei årrekkje å ha formidla til eit breidt publikum, nådd nye og breie målgrupper, og med stor entusiasme, glede, fagleg tyngd og nærvær skapt merksemd og interesse for kunnskap og forsking.
DiaGenic ASA, DiaGenic ASA har forska fram nye metodar for enkel diagnose ved hjelp av blodprøve. Teknologi for å diagnostisere brystkreft, alzheimer og parkinson er teke i bruk.
Professor Anne Lise Børresen-Dale, Avdeling for Genetikk ved Radiumhospitalet, for stor breidde i forskingvirket sitt, og avgjerande nyvinningar i forsking på lungekreft, testikkelkreft, tjukktarmskreft og særleg brystkreft.
Professor Sverre Håkon Bagge, Senter for middelalderstudiar, Universitetet i Bergen, for om lag 30 års forsking på europeisk middelalderhistorie, som leiande middelalderhistorikar i Noreg, med eit framifrå omdømme internasjonalt.
Professor i medisin Ole Didrik Lærum, Gades Institutt, Universitetet i Bergen, for levande og nyskapande kommunikasjon av høg kvalitet frå eige fagfelt. Kommunikasjon har vore ein bevisst og integrert del av forskarvirket hans, og gjennom lang tid har han vist initiativ til å skape merksemd ikkje berre rundt eige fag, men òg om forskinga sin plass i det norske samfunnet generelt.
Bionor Immuno ASA, Bionor Immuno ASA utviklar vaksiner og har vist lovande resultat i behandling av virus som eksisterande vaksiner ikkje har vore effektive mot.
Professor Idun Reiten, Institutt for matematiske fag, Noregs teknisk-naturvitskapelege universitet, for sin innsats gjennom nesten 40 år som forskar, ein markant, kraftfull teoribyggjar og fagleg miljøbyggjar.
Professor Egil Lillestøl, Institutt for fysikk og teknologi, Universitetet i Bergen, for formidling av grunnleggjande fysikk til skoleelevar og publikum, ei allmennretta formidlig av svært høg kvalitet.
REC ASA, REC ASA har gjennom forsking og innovasjon vore med på å skape ein solenergiindustri i Noreg og blitt ein av verdas leiande leverandørar.
Professor i immunologi, dr.med. Ludvig Sollid ved Immunologisk institutt, Rikshospitalet-Radiumhospitalet og Det medisinske fakultet, Universitetet i Oslo, for banebrytande bidrag til forståinga av cøliaki.
Wenche Blomberg, forskar ved Institutt for kriminologi, Universitetet i Oslo, for si levande framstilling av historia til psykiatrien.
Professor i teoretisk fysikk ved Norges teknisk-naturvitskaplege universitet, Asle Sudbø, for m.a. å ha utvikla nye, grunnleggjande teoriar for dei magnetiske eigenskapane i høgtemperatur superleiarar, og medverka til å revolusjonere heile vår forståing av fenomenet superleiing.
Professor Terje Tvedt, forskingsleiar ved Senter for utviklingsstudiar, Universitetet i Bergen, som ei påskjønning for ei langvarig, original og profesjonell formidling frå eit svært viktig kunnskapsfelt - vassressursane på jorda.
Matematikkprofessorane Erling Størmer og Ola Bratteli, Universitetet i Oslo, for deira bidrag til den internasjonale status som norsk matematikk har i dag. Prisvinnarane blei særleg framheva i ei internasjonal evaluering av dei norske matematikkmiljøa i 2002.
Havforskar og toktleiar Odd Aksel Bergstad, MAR-ECO-prosjektet, som hovudansvarleg for det omfattande formidlingsprosjektet frå det internasjonale MAR-ECO-prosjektet, der særleg mangfaldet og profesjonaliteten som pregar formidlingsarbeidet har imponert og begeistra juryen.
Professor Atle Kittang, Universitetet i Bergen, for sin framifrå og breie forskingsinnsats innan allmenn litteraturvitskap, og for si evne til å skape dynamiske og kreative miljø rundt seg. I tillegg er han ein aktiv deltakar i faglege, så vel som i meir allmenne debattar.
Professor Bente Træen, Psykologisk institutt, Universitetet i Tromsø, for si framifrå formidling og fordi ho demonstrerer stort medvit om utfordringar og krav i forskingsformidlinga. Det som først og fremst kjenneteiknar formidlinga hennar, er omfanget, mangfaldet og nærleiken til publikum.
Professor i samfunnsøkonomi Agnar Sandmo, Norges Handelshøyskole, Bergen, for si mangeårige forsking på moglegheiter og avgrensingar ved økonomisk politikk i velferdsstaten, med særleg utgangspunkt i skattespørsmål.
Professor Thomas Hylland Eriksen, Sosialantropologisk institutt, Universitetet i Oslo, fordi han er ein særleg aktiv formidlar av sitt fag og sin kunnskap, eit mønsterverdig eksempel på at forsking, og til dels komplisert fagstoff, kan formidlast i eit forståeleg og klart språk.
Professor dr.philos. Svein Magnussen ved Psykologisk institutt, Universitetet i Oslo, for si grunnleggjande forsking innanfor kognitiv psykologi og nevropsykologi gjennom ein 20-årsperiode.
Førsteamanuensis Michael Baziljevich ved Fysisk institutt, Universitetet i Oslo, for sitt arbeid med Astrofestivalen og for sitt engasjement og sin kreativitet, samt for sin langvarige innsats for formidling av forsking og realfag.
Professor Nils Christian Stenseth, Universitetet i Oslo, for sin langvarige forskingsinnsats innanfor populasjonsøkologi - det vil seie studiar av endringar i ein bestand over tid og rom.
NRK P2s populærvitskaplege radioprogram «Verdt å vite» for den offensive og oppsøkjande haldninga redaksjonen har vist, og at dei har klart å skape eit levande og engasjert radioforum for norsk og internasjonal forsking.
Adm. direktør Owen Austevik, Hydro Karmøy Rolling Mill, og forskar Arvid B. Espedal, Hydro Aluminium Heat Transfer, Tønder, Danmark, for å ha brukt forsking aktivt når det gjeld utviklinga av tynnbandstøyping av aluminium.
Professor emeritus Henry Valen, Institutt for samfunnsforsking, for si formidling av valforsking til den norske befolkninga.
Professor Per Brandtzæg, Universitetet i Oslo/Rikshospitalet, for si forsking på immunsystemet i slimhinnene.
Professor Dag O. Hessen, Universitetet i Oslo, for si popularisering og formidling både i media og i bokform av ein naturvitskapleg, evolusjonsbiologisk teori og tankegang som premissbidrag til samfunnsdebatten.
(Ingen pris for "framifrå bruk av forsking" tildelt; frå 1998 alternerer prisen med "framifrå forsking").
Professorane Jomar Thonstad og Harald A. Øye, begge Norges teknisk-naturvitskaplege universitet (NTNU), for deira innsats innan lettmetallforsking (aluminium) og saltsmeltekjemi.
Professor Hans Ragnar Gislerød, Norges landbrukshøgskole, og formann Ole Haakon Lunde, Norsk Gartnerforbunds Roseklubb, for framdrifta av norsk snittblomeproduksjon, særleg roser.
Professorane Asgeir Brekke, Universitetet i Tromsø, og Alv Egeland, Universitetet i Oslo, for deira formidling av nordlysforsking.
Professor Liv Hatle, Universitetet i Linköping, Sverige, for sin innsats innan ultralyddiagnostikk av hjartesjukdommar.
Professor Olav Martin Kvalheim, Universitetet i Bergen, og avdelingssjef Frode Brakstad, Norsk Hydros forskingssenter i Porsgrunn, for deira innsats for å ta i bruk kjemometri i industrien.
Professor Lisbet Holtedahl, Universitetet i Tromsø, for sin innsats som initiativtakar til og leiar for eit kompetansebyggjande samarbeidsprogram mellom Universitetet i Tromsø og universitetet i Ngaoundere i Kamerun, Afrika.